Hopp til innhald

Saxion University of Applied Sciences

Saxion University of Applied Sciences har cirka 26 000 studentar fordelt på tre campusar aust i Nederland. Rundt 3500 av studentane er internasjonale studentar, med over 70 forskjellige nasjonalitetar.

Vårsemesteret i Nederland varer frå januar/februar til juni/juli. Haustsemesteret startar vanlegvis i slutten av august eller byrjinga av september.

Gjeld for

Campus Sogndal.

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

Før du søkjer må du fylle ut og levere ei fagleg førehandsgodkjenning som skal godkjennast av instituttleiar. Dette er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i graden din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.