Reis med Erasmus+

Erasmus+ er det største utvekslingsprogrammet i verda. Reiser du med Erasmus+ slepp du å betale skulepengar og du får ekstra Erasmusstipend i tillegg til støtte frå Statens Lånekasse. Som student på HVL kan du velga mellom over 150 partnerinstitusjonar i Europa.

Kven kan reise med Erasmus+? 

Alle studentar ved HVL kan reise med Erasmus+ dersom studiet ditt har ein utvekslingsavtale med ein av våre Erasmuspartnarar. Målet med et studieopphold i utlandet gjennom Erasmus+ er å få utteljing både fagleg, språkleg, kulturelt og personleg.

Kor kan du reise?

Alle europeiske partnerinstitusjonar er dekka av Erasmusavtalar*. Sjå kva avtalar som er tilgjengeleg på ditt studie her.

*York St. John i Storbritannia har ikkje ein Erasmusavtale med HVL.  

Grunna uvisse kring Brexit rår me ikkje våre studentar å reise på utveksling til Storbritannia. For meir informasjon kan du sjå på Regjeringa sine nettsider.

Stipend

Reiser du med Erasmus+ kvalifiserar du til å få stipend. Stipendet får du i tillegg til støtte frå Statens Lånekasse. Du får utbetalt 80 % av stipendet ved avreise og 20 % etter heimkomst.

Stipendsatsar:
€ 460 pr månad for høgkostland (Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og Storbritannia).
€ 410 pr månad for lågkostland (alle andre programland).

Studentar som har barn eller drar på rein praksisutveksling får et tillegg på € 200 pr månad. Ein kan berre få eit tillegg. Ta kontakt med studierettleiar dersom du lurer på om dette gjeld deg.

Dersom du trekk deg frå Erasmusopphaldet kan HVL krevje tilbake heile eller deler av stipendet.

Slik går du fram for å bli Erasmusstudent  

Før du byrjar på desse punkta er det ein føresetnad at du har fullført og fått godkjent intern søknad om utveksling frå HVL til ein europeisk partnerinstitusjon. Har du ikkje søkt HVL om utveksling må du gjøre det først.

Før utreise

1. Online Learning Agreement (OLA)

Online Learning Agreement (OLA) vert oppretta av sakshandsamar ved HVL, og skal fyllast ut av studenten, når hen har fått godkjent intern søknad om utveksling til et europeisk land. Les meir om OLA og finn brukarrettleiing her.

Dersom du skal på praksisutveksling blir du informert om kva skjema du skal nytta.

Online Learning Agreement er ein avtale mellom student, heimeinstitusjon og partnarinstitusjon som skildrar innhaldet i utvekslinga og er ofte ein del av søknaden til partnarinstitusjon.

2. Søk direkte til partnerinstitusjonen.

Sakshandsamar ved HVL gjev melding til partnarinstitusjonen om at du har fått opptak til utveksling. Deretter blir studenten kontakta med informasjon om søknadsprosessen. Rettleiing om innhaldet i søknaden vert gitt av partnarinstitusjonen. 

3. Send kopi av opptaksbrevet.

Så snart studenten får opptak frå partnarinstitusjonen sender hen opptaksbrevet til sakshandsamar på HVL.

NB! Opptaksbrevet må inkludere datoane for studentane sitt utvekslingsopphald.

4. Online Linguistic Support (OLS) del 1.

Alle Erasmusstudentar må ta ein språktest før dei reiser på utveksling og deretter ein mot slutten av opphaldet. Målet er å måle språkleg utbytte i tillegg til fagleg utbytte av eit utvekslingsopphold. Sakshandsamar ved HVL registrerer deg for språktest og du får tilsendt invitasjon.

5. Stipendskjema og Erasmus Grant Agreement

For å motta Erasmusstipend må studenten signere Erasmus Grant Agreement og fylle inn online søknad om utbetaling. Bankkontoinformasjon og informasjon om polisenummer for forsikring skal fyllast inn i denne søknaden. Ved å søke om stipend godkjenner du også at du har lest og forstått innhaldet i Erasmus Grant Agreement. Studenten får beskjed av saksbehandsamar når dette skal gjerast.

Erasmus Grant Agreement er ein stipendkontrakt mellom student og HVL.

6. Eigenerklæring

Studenten skal levere inn signert eigenerklæring før dei reiser på utveksling.

Før heimreise

1. Confirmation of Stay

Studenten sørger for å få bekrefta utvekslingsdatoane for opphaldet gjennom Confirmation of Stay. Dette skal fyllast ut og signerast av partnerinstitusjonen. Sjå mal for Confirmation of Stay.

Etter heimkomst

1. Godkjenning av utvekslingsoppheldet

Lever karakterutskrift til studierettleiar. 
Lever Confirmation of Stay til sakshandsamar ved HVL.

2. Online Linguistic Support (OLS) del 2.

Mot slutten av opphaldet mottar studenten ein ny språktest som oppfølging til den første. Dersom du får C2 på den første testen treng du ikkje ta den på nytt. 

3. Erasmus Participants Report

Studenten får tilsendt en rapport frå Erasmussystemet som må svarast på. 

4. Siste utbetaling av Erasmusstipendet

Når alle punkta over er fullført vil studenten motta dei siste 20% av stipendet.

Kvifor reise med Erasmus+? 

Du får meir pengar til å nyte opphaldet!

Korte avstandar - og du har råd til å utforske Europa!

Studer på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar!

Du kan kombinere utdanning med utanlandsopphald!

Bli ein del av Erasmus Student Network!

Du får nye venner og kontaktar!

Du får betre språkkunnskapar!

Du kan besøke byer som du aldri hadde reist til berre på ferie!

Du deltar i verdas største utvekslingsprogram!