
Slik søker du utveksling
Er du klar for verda? Her finn du informasjon om dei ulike stega på vegen mot eit studieopphald i utlandet. Du får og meir informasjon undervegs på e-post eller gjennom nettmøte.
Onsdag 11.01 vert det informasjonsmøte om utveksling for hausten 2023!
Tid: 14:00
Sted: Zoom: https://hvl.zoom.us/j/66874143554?pwd=bHczRDRUSG1GTXFuQmhtS0ZHT1lkUT09 (du må registrera deg for å kome inn i møtet)
- Søknadsfrist for utveksling hausten 2023 er 1. februar
- Søknadsfrist for utveksling på vårsemesteret 2024 er 15. september.
Kven kan søke?
Alle studentar som er tatt opp ved eit studieprogram ved HVL kan søke om å få reise på utveksling til utlandet. Dette gjeld frå bachelor- til ph.d.-nivå. Les Reglement for delstudiar i utlandet for å vere sikker på at du kvalifiserar for opptak til utveksling.
Slik søker du
Studierettleiar
Studierettleiar på fakultetet ditt kjenner til studieprogresjon og kva for studieløp du er i. Kontakt studierettleiar for å finne ut om kor du kan reise på studieprogrammet ditt og korleis det passar i studieløpet ditt.
Her kan du finne oversikt over kven som er studierettleiar på fakultetet ditt.
Fagleg kontaktperson
Fagleg kontaktperson gjev råd om kva fagleg innhald du bør ha i utvekslinga di. Ta alltid kontakt med faglig kontaktperson for å diskutere fagval før du fyller inn skjema.
Du søker gjennom appen HVL Utveksling som du kan laste ned frå appstore og Google Play. Logg inn med feide.
Støter du på problemer med appen? Send ein epost til international@hvl.no.
Utvekslingsplan
I appen fins det i dei fleste tilfeller førehandsgodkjente emnepakkar. Desse gjer det enkelt for deg å velge fagleg innhald i utvekslinga di og du treng ikkje ekstra godkjenning.
Vel du andre emner må fagleg kontaktperson gjere ei vurdering i etterkant og det kan ta noko lenger tid. Kven som godkjenner frå fakultetet er lagt inn frå før, men ta kontakt med fagleg kontaktperson likevel.
Kortid får eg svar på søknaden min til HVL?
Du får svar på søknaden din innan tre veker etter søknadsfristen. Du får informasjon på e-post og du kan sjå status på søknaden din i appen. Du svarar og på tilbodet i appen.
Når søknaden din er godkjend av HVL sender sakshandsamar deg informasjon om korleis du går fram for å søke til den utanlandske institusjonen. Du kan og lese om dette i appen.
Spørsmål eller utfordringar medan du er i søknadsprosessen med den utanlandske institusjonen, rettar du mot dei. Institusjonane har ulike søknadsprosessar og fristar, og det er viktig at du les informasjonen du mottar nøye.
Kortid får eg svar på søknaden min til utlandet?
Tilbod om plass kan komme i form av eit opptaksbrev eller stadfesting på e-post. Den kan og komme på forskjellige tidspunkt avhengig av kva frist vertsinstitusjonen din har. Hugs å takke ja til plassen og å krysse av i appen undervegs i prosessen.
Stadfesting eller opptaksbrev lastar du opp i appen.
Erasmus+
Søker du om utveksling til land innanfor Europa kan du lese meir om førebuingane til Erasmus+ her.