Brukarrettleiing for Online Learning Agreement (OLA)

Skal du reise på utveksling med Erasmus+ må du fylle inn Online Learning Agreement (OLA). OLA er ein avtale mellom student, HVL og partnarinstitusjon som skildrar innhaldet i utvekslinga og er ofte ein del av søknaden til partnarinstitusjonen.

Kven skal fylle ut ein OLA?

Studentar som skal ta emner eller praksis på utveksling gjennom ein Erasmus+ avtale må fylle ut ein OLA (Online Learning agreement).

Viktig informasjon før du startar

Du får tilsendt ei lenke til OLA til studentepostadressa di frå support@erasmusapp.eu. Følg lenka i eposten og vel log in with your academic credentials (eduGAIN). På neste side søkar du opp Feide som er den sikre løysinga HVL bruker. Bruk studentepostadressa di som brukarnamn for å opprette eit passord.

Det er viktig at du alltid nyttar Google Chrome, Firefox (ikkje Internet Explorer) eller Erasmus+ appen.

OLA skjemaet for studier er delvis utfylt av HVL, medan OLA for praksis må opprettast av deg sjølv. Ikkje alle felt er obligatoriske, du kan lagra dokumentet undervegs og fortsette seinare. Vi rår deg til å prøva deg fram i god tid slik at dokumentet er klart før du reiser på utveksling. Personvern og vilkår og betingelsar finn du på nettsida om OLA og Erasmus+ appen.

Om du har tekniske vanskar, ta kontakt med din sakshandsamar på HVL. Veit du ikkje kven din sakshandsamar er, kan du kontakte AFII. For spørsmål av fagleg art, kontakt fagleg kontaktperson.

Brukarrettleiing til utfylling av OLA for studie

Vi tilrår å ha denne sida open når du fyllar inn din OLA. Rettleiinga følger stega i skjema.

1. Student information

Fyll inn opplysningar om deg sjølv og ditt studie. Academic Year er det skuleåret du skal vere på utveksling, dobbeltsjekk at dette er riktig. Heile skoleåret skal vere fylt inn sjølv om du berre skal vere borte eit semester.

OLA student information.JPG

 

ISCED koder for Fakultet for helse og sosialfag

Ergoterapi, Fysioterapi, Vernepleie og Sosialt arbeid:
Therapy and Rehabiliation 0915

Radiografi
Medical diagnostic and treatment technology 0914

Sjukepleie:
Nursing and midwifery 0913

Barnevern, Psykisk helse og rusarbeid, Samfunnsarbeid og Healhy Agening and Rehabilitation (MA):  
Therapy and Rehabilitation 0915

ISCED koder for Fakultet for Ingeniør og Naturvitenskap

Kjemi
Chemistry 0532

Branningeniør
Interdisciplinary programmes involving broad field 07 0788

Kvalitets og HMS-ingeniør og Brannsikkerhet (MA)
Engineering and engineering trades 071

Landskapsplanlegging og landskapsarkitektur (BA)
Architecture and town planning 0731

Landmåling og Eiendomsdesign, Byggfag og Areal og eiendom (MA)
Building and Civil Engineering 0732

Dataingeniør, Cyberingeniør og Informasjonsteknologi
Computer Use 0611

Elektronikkingeniør og Automatisering med robotikk
Electronics and automation 0714

Programvareutvikling (MA)
Software and applications development and analysis 0613

Bioingeniør
Biology 0511

Maskiningeniør, Produksjonsteknikk og Marinteknikk 
Mechanics and metal trades 0715

Havteknologi og Undervannsteknologi
Engineering and engineering trades 071

Energiteknologi og Elkraftteknikk
Electricity and energy 0713

Fornybar energi
Environmental Sciences 0521

Geologi og geofare
Natural environments and wildlife 0522

Climate Change Management (MA)
Environmental Sciences 0521

Innovasjon og entreprenørskap (MA)
Engineering and engineering trades 071

ISCED koder for Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap

Historie
History and archaeology 0222

Økonomi og Administrasjon, Økonomi og jus, Organisasjon og ledelse (MA), Innovasjon og ledelse (MA) og Eiendomsmegling
Management and administration 0413

Natur og opplevingsbasert reiseliv og Reiselivsledelse
Travel, tourism and leisure 1015

Nautikk
Transport services 1041

Maritime Management og Maritime Operations
Management and administration 0413

Sosiologi/Ungdomssosiologi
Sociology and cultural studies 0314

ISCED koder for Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett

Barnehagelærer
Training for pre-school teachers 0112

Grunnskolelærer
Teacher traning with subject specialisation 0114

Friluftsliv, Idrett, fysisk aktivitet og helse, Idrett og kroppsøving og Kroppsøving og Idrettfag
Sports 1014

Drama (ikke lærer) og Musikk (ikke lærer) 
Music and performing arts 0215

Folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet (BA)
Therapy and Rehabiliation 0915

2. Sending Institution

Dette punktet er delvis førehandsutfylt for HVL-studentar. Det inneber at HVL allereie er lagt inn som Sending institution name og det er lagt inn rett kontaktperson ved HVL. Du må sjølv fylle inn Faculty/Department ved HVL.

OLA Sending inst.png

3. Receiving Institution

Dette punktet er delvis førehandsutfylt for HVL-studentar. Det inneber at det allereie er lagt inn Receiving institution name og rett kontaktperson ved vertsuniversitetet. På position for kontaktperson kan du skriva N/A om du ikkje veit med sikkerhet kva stilling personen har.

OLA Receiving inst.png

4. Proposed Mobility Programme

Bruk den faglege førehandsgodkjenninga di frå HVL som utgangspunkt når du fyller ut emne både ved vertsuniversitetet og HVL.

Planned period of the mobility

Legg inn månad og år for utreise og heimreise. Dette skal ikkje inkludere reising før eller etter opphaldet.

Table A: Study programme at the receiving institution

Under Table A skal du leggje til faga du skal ta ved vertsuniversitetet. For kvart emne du ynskjer å legga inn vel du Add Component to Table A.

Bruk vertsinstitusjonen si nettside for å eventuelt finne emnekode/-namn, semester og ECTS (studiepoeng) om du ikkje har dei i førehandsgodkjenninga di. Nokre universitet er seine med å legge ut emne for komande semester. Då kan du sjå til fjorårets emnekatalog om den er tilgjengeleg. Dersom du ikkje finn rett informasjon på nettsida, kontaktar du vertsinstitusjonen.

Du må legge inn emne tilsvarande like mange studiepoeng som det står i den faglege førehandsgodkjenninga di (1 studiepoeng = 1 ECTS).

Legg inn nettsida til universitetet sin emnekatalog om den er tilgjengeleg. Dersom det ikkje finst ein samla emnekatalog kan du lenke til emneskildringa etter kvart kurs.

Language competence of the student

Fyll inn språket du skal ha hovuddelen av undervisninga på, og det språknivået du reknar med å ha når utvekslingssemesteret startar. Bruk CEFR (Common European Framework of Reference for Languages).

OLA Proposed prog.png

Table B: Recognition at the sending institution

Legg inn dei emna ved HVL som utvekslingsfaga erstattar. Her kan du òg nytta den faglege førehandsgodkjenninga di som utgangspunkt.

For kvart emne du ynskjer å legga inn vel du Add Component to Table B. Bruk HVL si nettside for å finne emnekode/-namn, semester og ECTS (studiepoeng).

Legg inn lenke til emneskildring frå HVL.

OLA Proposed prog 3.png

 

 

5. Virtual Components

Skal ta heildigitale emne som del av utvekslinga di, fyller du og ut denne delen.  

OLA Virtual component.JPG

6. Commitment

OLA skal signerast av deg, fagleg kontaktperson og vertsinstitusjonen.

Signèr i ruta og trykk knappen for å sende OLA vidare. Dokumentet er då sendt til signering hos fagleg kontaktperson ved HVL. Du kan ikkje gjera endringar i skjemaet etter at du har signert og sendt.

Du får melding når dokumentet er godkjent ved HVL og sendt vidare til vertsuniversitetet. Til slutt får du melding når vertsuniversitetet har godkjent det. Du kan logge på og sjekke status i prosessen.

Om nokon av dei som skal signere har forslag til endringar får du og epost om det. Gjer då endringane og signer på nytt.

Brukerrettleiing til utfylling av OLA for praksis

Vi tilrår å ha denne sida open når du fyllar inn din OLA. Rettleiinga følger stega i skjema.

1. Trainee

Fyll inn opplysningar om deg sjølv og ditt studie. Academic Year er det skuleåret du skal vere på utveksling. Du må fylle ut heile skuleåret sjølv om du berre skal vere borte eit semester. Field of education får du opplyst av HVL.

Brukerrettleiing OLA trainee

2. Sending Institution

Klikk på choose og vel Høgskulen på Vestlandet før du fyller inn fakultetet du studerar ved og kontaktinformasjon til fagleg kontaktperson ved HVL.

Brukerrettleiing OLA trainee

3. Receiving Institution

Fyll inn informasjon om staden du skal reise til og kontaktinformasjon til kontaktpersonen ved vertsinstitusjonen. Namnet på denne personen får du opplyst av HVL. 

Brukerrettleiing OLA trainee

4. Proposed mobility programme (del 1)

Denne sida får du hjelp til av fagleg kontaktperson ved HVL. På knowledge, skills and competences er det lurt å sjå til lista over læringsutbytte for den praksisen du skal ut i, for eksempel læringsutbytte for praksis 5.

Legg inn månad og år for utreise og heimreise i Planned period of the mobility.

4. Proposed mobility programme (del 2)

Fyll inn språket du skal ha hovuddelen av praksisen på, og det språknivået du sjølv reknar med å ha når utvekslingssemesteret startar. Bruk CEFR (Common European Framework of Reference for Languages). Skal du til Danmark eller Sverige vel du native speaker sidan Norsk reknast som nokså likt dansk og svensk.

Table B: Recognition at the sending institution

Vel boks 1 og fyll inn tal på studiepoeng du skal ta på utveksling. Kryss av på Traineeship certificate. Verken HVL eller vertsinstitusjonen har ulukkesforsikring på dine vegne så alle andre spørsmål svarast med No.

5. Responsible Persons

Fyll in informasjon om fagleg kontaktperson og kontaktperson ved vertsinstitusjonen. Dette er same informasjon som du fylte inn i punkt 2 og 3.

6. Commitment

OLA skal signerast av deg, fagleg kontaktperson og vertsinstitusjonen.

Trykk på Sign online for å signere OLA. Deretter trykker du på Send to sending inst. coordinator. Dokumentet vert då sendt til signering hos fagleg kontaktperson ved HVL. Du kan ikkje gjera endringar i skjemaet etter at du har signert og sendt.

Du får melding når dokumentet er godkjent ved HVL og sendt vidare til vertsinstitusjonen. Til slutt får du melding når vertsinstitusjonen har godkjent det. Du kan logge på og sjekke status i prosessen.

Hugs at du òg må sende det til sakshandsamar i INT-ADM når du har fått den ferdige versjonen.

Brukerrettleiing OLA trainee

Endringar i OLA

Treng du å gjere endringar i OLAen din etter at alle har signert kan du logge inn att å gjere det.  Dokumentet må signerast på nytt av alle partar. 

OLA for studier: Slett fag du ikkje skal ta, og/eller legg inn nye fag på same måte som når du oppretta OLA.

OLA for praksis: For å gjere endringer i OLA for praksis (traineeship) loggar du inn på nettsida og nyttar Changes to Learning Agreement (during mobility) nedst på sida. Trykker du på den grå knappen New learning agreement with changes og gjer endringane du treng.