
Reis miljøvenleg på Erasmus+
Skal du på Erasmus+ og bryr deg om klima? HVL oppfordrar deg til å reise miljøvenleg. Drar du på utveksling med Erasmus+ og nyttar miljøvenlege framkomstmiddel, kan du vere med i trekkinga av eit miljøstipend på 3000 kroner.
Miljøstipend
HVL har 25 stipend à 3000 kroner for studentar som har reist miljøvenleg til eller frå utveksling. Du deltek i trekkinga av ei stipendgaranti ved å melde di interesse til oss på e-post innan fristen. Stipendet løysast inn ved å sende inn bevis på miljøvenleg reise til eller frå utveksling.
Vilkår for deltaking
-
Trekkinga er open for høgskulen sine studentar som har fått innvilga plass på utveksling gjennom Erasmus+. Dette gjeld studentar som tar anten fag eller praksis, uavhengig av lengde på utvekslinga.
-
Stipendgaranti tildelast i samband med reise til eller frå utveksling. Ein student kan berre delta det semesteret hen er på utveksling. Er studenten på utveksling i to semester kan hen delta begge semestera.
-
For at eit bidrag skal verte vurdert, må det nyttast miljøvenleg transport under minimum halvparten av reisa. Reisestrekning og dato for reisa må vere synleg på reisebeviset.
-
Med miljøvenleg transport reknast buss eller tog. Viss du vel andre miljøvenlege løysingar må du ta kontakt med international@hvl.no.
- Nytt gjerne ein reisekalkulator, som for eksempel Klimatsmart Semester, for å sjå korleis du kan gjere utvekslinga di så klimavenleg som mogleg.
Korleis deltek du?
Du deltek ved å sende ein e-post med tittel “Miljøstipend” som inneheld namn og studentnummer til international@hvl.no innan 1. februar for vårsemesteret, og innan 1. september for haustsemesteret.
Tildeling
Det vert delt ut opp til 25 stipendgarantiar à kr 3000 i 2023.
Utbetaling
For å få utbetalt stipend må alle bevis på miljøvenleg reise sendast inn til international@hvl.no innan 10. august (for utveksling i det føregåande vårsemesteret) eller 10. februar (for utveksling i det føregåande haustsemesteret). Dersom ein student ikkje har gjort heimreisa innan desse datoane, kan kvittering for planlagt reise sendast inn.
Offentleggjering
Vinnarane av miljøstipendet blir kontakta per e-post for organisering av utbetaling. Tildelinga blir òg publisert på HVL sine nettsider og i sosiale media.
Atterhald
-
Dersom det er under 25 bidrag i trekkinga for gjeldande semester, blir det berre tildelt tilsvarande tal på stipendgarantiar.
-
Vi tar atterhald med utbetaling av stipend dersom bevis for gjennomført reise ikkje er tilstrekkeleg eller truverdig.
-
Stipend som har blitt garantert for, men ikkje nytta, vil kunne delast ut i ei ny trekking. Det vert då trekt blant deltakarane som ikkje fekk tilslag i første runde. AFII kontaktar den/dei det gjeld ved høvet.