Praksis i vernepleie

Her finn du Informasjon om praksis til deg som er student ved vernepleieutdanninga.

Viktig informasjon om covid-19 og praksis vår 2021

 

Før praksis må du lese praksishefte, emneplanen for ditt aktuelle studieår og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med studieplanen og felles informasjon om praksis.

Tidspunkt for praksisperiodar og emneplan

Campus Bergen og Sogndal, oppstart 2020

Første studieår:

Andre studieår:

Tredje studieår:

Campus Bergen, oppstart hausten 2019 og tidlegare

Denne informasjonen gjeld deg som studerar etter utgåande studieplan.

Andre studieår:

Tredje studieår:

Campus Sogndal, oppstart hausten 2019 og tidlegare

Denne informasjonen gjeld deg som studerar etter utgåande studieplan.

Andre studieår - deltid:

Andre studieår - heiltid:

Tredje studieår - heiltid og deltid:

 

Tildeling av praksisplass

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas om kvar du får praksisplass.

Les meir om kvar du kan ha praksis

Campus Bergen

Du vil i houvdsak få praksisplass i Bergensområdet. For praksis i andre og tredje studieår kan det vere aktuelt med eit større geografisk praksisområde, men innan tidlegare Hordaland. 

Campus Sogndal

Om du er fulltidsstudent, vil du i hovudsak få praksisplass i tidlegare Sogn og Fjordane.

Om du er deltidsstudent, vil vi forsøke å legge til rette for at du får praksisplass slik at du kan bu heime i praksisperiodane. Då det kan vere ulik tilgang på praksisplassar, må du rekne med å pendle. Om du ønsker praksis andre stadar i landet der høgskulen ikkje har praksisplassar, må vi avklare først om det er mogleg.

Campus Haugesund

Som deltidsstudent vil vi forsøke å legge til rette for at du får praksisplass slik at du kan bu heime i praksisperiodane. Då det kan vere ulik tilgang på praksisplassar, må du rekne med å pendle. Om du ønsker praksis andre stadar i landet der høgskulen ikkje har praksisplassar, må vi avklare først om det er mogleg .

Arbeidstid og turnus

Du må rekne med å jobbe turnus på praksisplassen. 

Tilrettelegging av praksis

Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, finn du meir informasjon på nettsida om tilrettelegging av praksis.

 

Vurdering av praksis

Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverar inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow. 

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis

Vurderingsskjema for vernepleie

Campus Bergen, oppstart hausten 2019 og tidlegare:

Praksishefte

Studieplan

Sjå fleire studieplanar

Anna nyttig informasjon

Arbeidsklede og hygiene

Utover krav om alminnelig personleg kroppshygiene, gjeld følgande i tida du er i praksis:

Hender og neglar

Studentar skal følge den Nasjonale rettleiaren for handhygiene. Neglane må vere korte, velstelte, utan neglelakk.

Smykker m.m.

Halsband, ringar, armband, øyrepynt, klokke m.m. skal ikkje brukast når ein går i arbeidsklede. Dette gjeld også synleg piercing (gjelder også leppe, tunge, nase).

Kosmetikk

Eventuell sminke skal vere diskret. Studentar skal ikkje bruke parfyme, krem eller liknande med lukt, i praksis. Deodorant er greit, helst parfymefri.

Hår, skjegg og bart

Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal samlast.

Røyking, snus og alkohol

Det er ikke lov å røyke eller bruke snus når ein har på arbeidsklede. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel i eit tidsrom av 8 (åtte) timar før arbeidsdagen startar. Sjå også Helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Arbeidsklede og hijab

Ved nokre praksisplassar må du bruke eigne arbeidsklede. Enten må du halde arbeidsklede sjølv, eller dette blir utdelt på praksisstaden. Om praksisen medfører risiko for smitte, skal arbeidskleda kunne desinfiserast og vaskast før ny bruk.

Les meir om arbeidsklede i heimesjukpleie og sjukeheimar

I psykisk helsevern og psykisk helsearbeid går ein sivilt kledd. Det er eigne retningslinjer for dette ved dei ulike praksisstadane.

I ergoterapi er det vanleg at ein får låne eller tildelt arbeidsklede på arbeidsplassen, dersom uniform skla nyttas. 

Dersom du bruker hijab må du kontakte den aktuelle avdelinga ved praksisinstitusjonen seinast 10 dagar før praksis, slik at dei kan bestille hijab på førehand.

Namneskilt

Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg navneskilt med fornamn og etternamn og kva studium du er student ved, til dømes sjukepleiarstudent eller fysioterapeutstudent. 

Det finst fleire firma som lagar slike skilt, til dømes www.navneskilt.no.

Sjukepleiestudentar kan skaffe namneskilt og uniform via NSF.

Sko

Skoa bør gi god støtte for foten og ikkje klapre når ein går. Skotøy skal berre brukast i praksis. Sko og sokkar skal vere reine.

Legemiddelhandtering

Her kjem det informasjon om legemiddelhandtering etter sommaren.

Lurar du på noko?

Campus Bergen:

Rådgivar
Administrasjon ved FHS


Campus Sogndal:

Seniorkonsulent
Administrasjon ved FHS

Dette må alle kjenne til: