Teieplikt

Studentar på helse- og sosialfaglege studium og lærarutdanningar skal signere teieplikterklæring.

Før du startar i praksis første studieår må du skrive under på ei teieplikterklæring. 

Det er viktig at du set deg godt inn i reglane for teieplikt. Som student i praksis er du underlagt dei same reglane for teieplikt som personalet ved praksisinstitusjonen, jf. Universitets- og høgskulelova § 4-6

Studentar i Bergen

Du signerer for teieplikta når du godkjenner utdanningsplanen din i Studentweb.

Studentar i Sogndal og Førde

Du signerer på skjema for erklæring om teieplikt ved studiestart.

Studentar på Stord og i Haugesund

Du signerer på skjema for erklæring om teieplikt ved studiestart. Lærarstudentar signerer i tillegg eit skjema ute på praksisskulane.
Her er skjema for barnehagelærarstudentar på Stord:

Lovverk