Praksis frå start til slutt

Skal du ut i praksis? Då er det viktig at du har kontroll på korleis du skal ivareta personvern gjennom heile praksisopphaldet.

Prosessen

Her finn du HVL sin standardiserte prosess for behandling av personopplysningar i praksisoppgåver som ikkje går gjennom NSD.

Studenten og næraste fagansvarlege har ansvar for at stega i prosessen blir følgt opp.

Datahandteringsplan

Studentar som skal i praksis skal lage ein datahandteringsplan. Studenten utarbeider den saman med praksislærar eller annan relevant rettleiar. Ein kan ta utgangspunkt i HVL sin mal for datahandteringsplan.

Samtykkeskjema

Signerer du samtykkeskjema på praksisplassen, må du se til at dette blir lasta opp og lagra hos HVL.

Du kan logge inn og laste opp samtykkeskjema her.