Skikkavurdering
Skikkavurderinga skal sikre at barn, elevar, pasientar og brukarar av ulike tenester ikkje møter yrkesutøvarar som er uskikka for det arbeidsområdet dei utdannar seg for.
Skikkavurdering er regulert av forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.
Ein student kan bli vurdert som uskikka for yrket dersom studenten utgjer ein mogleg fare for fysisk og psykisk helse, rettar og tryggleik eller livet til barnehagebarn, elevar, pasientar, klientar og brukarar studenten vil komme i kontakt med under praksisstudia eller under framtidig yrkesutøving.
Løpande skikkavurdering skjer gjennom heile studiet, jf. forskrifta §2.
HVL har ei eiga skikkavurderingsnemnd.
Utdanningar med skikkavurdering
Oversikt over kva utdanningar som har skikkavurdering
Særskild skikkavurdering
Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. forskrifta §2. Forvaltningslova sine reglar om sakshandsaming gjeld ved særskild skikkavurdering.
Tvilsmelding
Særskild skikkavurdering startar med ei tvilsmelding. Grunngitt tvilsmelding i samsvar med § 9 i forskrifta blir sendt skriftleg til institusjonsansvarleg på den aktuelle campusen (sjå under).
Alle som er i kontakt med studentar kan levere tvilsmelding, til dømes praksislærar og faglærar, studentar, praksisfeltet og administrativt personale. Den som leverer tvilsmelding er ikkje part i saka og har ikkje krav på tilbakemelding.
Tvilsmelding som tydeleg er ugrunna skal ikkje behandlast av institusjonsansvarleg. Tvilsmelding skal ikkje sendast på e-post.
Institusjonsansvarlege
- Campus Bergen: Sissel Johansson Brenna
- Campus Sogndal og Førde: Linda Hallandvik
- Campus Stord og Haugesund: Åshild Havnerås
Institusjonsansvarlege sine oppgåver
Institusjonsansvarlege skal
- følgje opp innleverte tvilsmeldingar i samsvar med forskrifta § 10
- fremje saker om skikkavurdering for Skikkavurderingsnemnda
- informere studentar og tilsette på dei aktuelle utdanningane om ordninga med skikkavurdering
Vurderingskriterium
Til grunn for skikkavurdering er det utarbeidd kriterium i forskrifta:
- Vurderingskriterium for lærar- og spesialpedagogiske utdanningar
- Vurderingskriterium for logoped-, helse- og sosialfagutdanningane og tolkeutdanning i teiknspråk
Saksgang
Saksgang i skikkavurderingssaker ved HVL