Familieterapi og relasjonelt arbeid | master

Master

Vil du auke kompetansen din til å jobbe med relasjonar mellom par, familiar, nettverk eller i organisasjonar?

Du får kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen. Studiet er organisert som ei fleksibel deltidsutdanning og nær din eigen arbeidspraksis.

Du kan velje mellom to studieretningar:

  • familieterapi og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjonar 

Fleire emne frå dette masterprogrammet kan du også ta som frittståande enkeltemne, eller du kan ta vidareutdanning i familieterapi og relasjonelt arbeid (60 studiepoeng). Har du allereie har fullført vidareutdanning i familieterapi eller ei anna relevant relasjonell vidareutdanning, kan du søke om plass frå og med 3. studieår.

Du lærer blant anna om:

  • samtaletilnærmingar og relasjonelle arbeidsmåtar
  • individuelle samtaler, parterapi og samlivsstyrkende tiltak
  • foreldrerettleiing og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjoner og konflikthåndtering

Undervisningsmåtar

Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i løpet av studieåret.

Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper.

Mellom samlingane deltek du i grupperettleiing med ekstern rettleiar og læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. For studieretninga familieterapi og nettverksarbeid er kravet 220 timar ekstern grupperettleiing og for studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar er kravet 120 timer. I tillegg kjem sjølvstendig arbeid med masteroppgåva di. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattforma Canvas.

Praksis

Du kan ha praksis ved eigen arbeidsplass eller hospiteringspraksis ved anna eigna stad.

Viss du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid må du:

  • gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
  • oppfylle kravet om 320 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet og før innlevering av masteroppgåva.

Viss du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar må du:

  • gjennomføre praksis til dømes innan rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing og kompetanseutvikling. Det kan også vere ulike former for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid.

Timeplan

Datoar for samlingar studieåret 2021/22:

  • Veke 37 hausten 2021
  • Veke 46 hausten 2021
  • Veke 8 våren 2022
  • Veke 18 våren 2022