Smilende student

Familieterapi og relasjonelt arbeid

Vil du auke kompetansen din innan relasjonelt arbeid med par, familiar, nettverk eller organisasjonar? Ved HVL kan du ta fleire kurs på masternivå, eller heile masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid.

Masterprogrammet

Masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid er organisert som ei fleksibel deltidsutdanning på 4 år (120 studiepoeng), med ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i Bergen løpet av studieåret. Du kan velje mellom to studieretningar:

  • familieterapi og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjonar

Vidareutdanninga

Vidareutdanninga i familieterapi og relasjonelt arbeid er ei fleksibel deltidsutdanning på 2 år som gir på 60 studiepoeng. Det er fire vekesamlingar i Bergen løpet av studieåret. Også her har du valet mellom to studieretningar:

  • familieterapi og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjonar

Påbygg til master

Har du allereie fullført vidareutdanninga i familieterapi eller ei anna relevant relasjonell vidareutdanning, kan du søke om plass frå og med 3. studieår på masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid. Suppleringsopptaket til masterprogrammet er for deg som allereie har familieterapeutisk eller relasjonell videreutdanning og vil auke kompetansen din med å fullføre ein mastergrad.

Frittståande emne