
Familieterapi og relasjonelt arbeid | vidareutdanning
Etter- og vidareutdanning
Ønsker du kunnskap om relasjonelt arbeid med par, familiar og nettverk eller korleis ein jobbar med relasjonelt arbeid i organisasjonar? Da er denne fleksible deltidsutdanninga noko for deg.
Bli med på digitalt informasjonsmøte om utdanningen 24. mars kl. 09:00
Kvifor studere familieterapi og relasjonelt arbeid?
Studiet bidreg til utvikling av relasjonell kompetanse i egen yrkesrolle. Du vil få kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.
Korleis er studien bygd opp?
Du har valet mellom to studieretningar:
- familieterapi og nettverksarbeid
- relasjonelt arbeid i organisasjonar
Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut. Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære å:
- gjennomføre og lede relasjonelle samtaler i ulike sammenhenger med en eller flere deltakere i rommet
- kritisk analysere og mestre utfordrende samarbeids- og veiledningsrelasjoner
- anvende og reflektere rundt sentrale systemiske teorier i møter med forskjellige samarbeidssituasjoner i organisasjoner
- mestre ulike lytte- og samtaleferdigheter på en selvreflektert og profesjonell måte
Undervisningsform
Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i løpet av studieåret.
Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper.
Mellom samlingane deltek du i 120 timar grupperettleiing med ekstern rettleiar og læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattformen Canvas.
Viktig informasjon om praksis
Dersom du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, må du:
- gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
- oppfylle kravet om 160 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad
Dersom du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, må du:
- gjennomføre praksis til dømes innan rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing og kompetanseutvikling. Det kan også vere ulike former for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid.
- oppfylle kravet om 160 timer relasjonell praksis i løpet av dei to første studieåra. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad
Samlingar
Første år
Dei 4 samlingane for første studieår (a 4-5 dager) er:
- samling: 11.september – 14. september (veke 37/2023, Geilo)
- samling: 6. november - 10. november (veke 45/2023, Bergen)
- samling: 19. februar - 23. februar (veke 8/2024, Bergen)
- samling: 22. april - 26.april (veke 17/2024, Bergen)
Tilrådde forkunnskapar
Det er inga tilrådde forkunnskapar.
Pensum
Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.