Ansikt til dame i samtale med en annen person.

Relasjonelle vidareutdanningar | påbygg til master

Etter- og vidareutdanning

Påbygg er for deg som allereie har familieterapeutisk eller relasjonell videreutdanning og vil auke kompetansen din med å fullføre ein mastergrad. Du kan søke opptak til 3. studieår på masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske eller pedagogiske fag.
    • Minst 2 års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning.
    • Minst 60 studiepoeng relevant videreutdanning. Sjå liste over godkjente videreutdanningar i studieplan.

    Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

    Studieretning familieterapi og nettverksarbeid: Søkjar har ansvar for å sørge for praksisplass, sjå meir informasjon i studieplan.

    Søknadskode

    3060 Påbygg Master i familieterapi: Familieterapi og nettverksarbeid
    3061 Påbygg Master i familieterapi: Relasjonelt arbeid i organisasjoner

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Master"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, fristar og dokumentasjon

     

    Om fristar og ledige studieplassar

    Ordinær søknadsfrist er 1. mars for master og 15. april for vidareutdanning. Studium som startar i vårsemesteret har frist 15. november.

    Viss det er ledige studieplassar når søknadsfristen går ut blir studiet lagt ut på ledige studieplassar 20. mai og tilbud om plass blir gitt fortløpande til kvalifiserte søkjarar fram til det er fullt eller til studiet startar opp.

    Vi tek forbehold om at nok studentar må søke om opptak for at studiet skal starte opp.

    Om å søke opptak til HVL

    Målgruppe

    Har du allereie fullført vidareutdanninga i familieterapi eller ei anna relevant relasjonell vidareutdanning, kan du søke om plass frå og med 3. studieår på masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid.

    Kva lærer du?

    Du får utvida kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.

    I påbyggingsdelen lærer du blant anna om:

    • samtaletilnærmingar og relasjonelle arbeidsmåtar
    • individuelle samtaler, parterapi og samlivsstyrkende tiltak
    • foreldrerettleiing og nettverksarbeid
    • relasjonelt arbeid i organisasjonar og konflikthandtering

    Les mer i studieplanen om hva du lærer

    Korleis er studien bygd opp?

    Studiet er organisert som en fleksibel deltidsutdanning og nær din eigen arbeidspraksis. Du kan velje mellom to studieretningar:

    • Har du tidlegare fullført vidareutdanning innan familieterapi på 60 studiepoeng, kan du velje: familieterapi og nettverksarbeid

    • Har du tidlegare fullført vidareutdanning innan familieterapi på 60 studiepoeng eller andre relevante vidareutdanningar innan relasjonelt arbeid som til saman utgjer 60 studiepoeng, kan du velje: relasjonelt arbeid i organisasjonar

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper, samt læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. I tillegg kjem sjølvstendig arbeid med masteroppgåva di. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattforma Canvas.

    Dersom du tek studieretninga familieterapi og nettverksarbeid må du i tillegg gjennomføre 100 timar grupperettleiing med ekstern rettleiar

    Samlingar

    Samlingar studieåret 2023/2024

    De 4 samlingene for første studieåret i påbygg master (tredje studieår i master) (a 4-5 dager) er:

    1. samling: 25.september – 29. september (uke 39/2023). Studenter i linje relasjonelt arbeid har undervisning fra mandag til torsdag, mens studenter i linje familieterapi har undervisning fra mandag til fredag.
    2. samling: 27. november – 1. desember (uke 48/2023, Bergen). Studenter i linje relasjonelt arbeid har undervisning fra mandag til torsdag, mens studenter i linje familieterapi har undervisning fra mandag til fredag.
    3. samling: 29.januar – 31.januar (uke 5/2024, Bergen). Studenter i linje familieterapi har undervisning fra mandag til fredag, mens studenter i linje relasjonelt arbeid skal følge et valgemne.
    4. samling: 22. april - 26.april (uke 17/2024, Bergen). Studenter i linje relasjonelt arbeid har undervisning fra mandag til torsdag, mens studenter i linje familieterapi har undervisning fra mandag til fredag.

    I tillegg skal begge linjene delta i tre digitale oppgaveseminarer i forbindelse av MAMET-emne.

    Datoene for disse digitale samlingene er:

    4.10. 23 kl 17-20
    25.10. 23  kl 17-20
    15.11. 23 kl 17-20

    Samlingar studieåret 2024/2025

    Relasjonell linje:
    Haust 2024
    Veke 36 (2.9.- 5.9.)
    Veke 48 (25.11. – 28.11.)

    Vår 2025
    Veke 5 (27.1. – 29.1.)
    Valemneuke (forskjellige veker)
    Vele 20 (12.5. – 14.5.)

    Familieterapilinje:
    Haust 2024
    Veke 36 (2.9.- 6.9.)
    Veke 48 (25.11. – 29.11.)
    Veke 25 

    Vår 2025
    Veke 5 (27.1. – 31.1.)
    Veke 20 (12.5. – 16.5.)

    I tillegg skal begge linjene delta i tre digitale oppgaveseminar i samband med  MAMET-emne.

    Datoar for desse digitale samlingane er:
    25.09. 24 kl. 17-20
    16.10. 24  kl. 17-20
    06.11.24 kl 17-20

    Godkjente vidareutdanningar

    Her er ei liste over godkjente vidareutdanningar: 

    Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Barne- og ungdomsarbeid - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Demens og alderspsykiatri - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    E-helse - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Gottman parterapimetode - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Spesialisering i klinisk rettsmedisin - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Pedagogisk rettleiing – innføring - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Pedagogisk veiledning - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Psykisk helse- og rusarbeid | vidareutdanning - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Psykisk helsearbeid - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Rusproblematikk og rusarbeid - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Tverrfaglig utdanning i psykososialt arbeid med barn og unge - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Vurdering av barnets beste - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Folkehelse og livmeistring - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

    Karriereveiledning - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Profesjonsrettet veilederutdanning for praksislærere i barnehage og skole (emne 1 og 2) - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Profesjonsrettet veilederutdanning for praksislærere i lærerutdanningsbarnehage (emne 1) - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) (opptak avsluttet)

    Ledelse av utviklingsarbeid i barnehagen - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Pedagogisk ledelse og læringsmiljø - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Veilederutdanning - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Veilederutdanning for praksislærere i barnehager - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

     

    Pensum

    Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

    Eksamensform

    Vi kjem tilbake med meir informasjon om eksamen. 

    Viktig informasjon om praksis

    Om du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid må du:

    • dokumentere moglegheit for at du kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller hospiteringspraksis ved anna eigna stad.
    • gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
    • oppfylle kravet om 160 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet og før innlevering av masteroppgåva.

    Om du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, er det ingen krav til praksis eller ekstern rettleiing når du tek påbygg til master, utover opptakskrava.

    Studieavgift og betaling

    Studieavgift kr. 17.000 kr pr. semester + semesteravgift

    Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.

    I studieavgifta inngår:

    • Undervisning på samlingar
    • Tilgang til elektroniske læremiddel på internett
    • Tilbakemelding og oppfølging av oppgåver og øvingar til den enkelte student 
    • Sensur av eksamen og karakterutskrift

    Forventa timepris pr. person for ekstern grupperettleiing er ca. kr. 150–200.

    Studieavgifta endrar seg frå 2025

    Dette studiet er delvis finansiert av studentbetaling. Denne finansieringsforma er underlagt nasjonalt lovverk og EØS-regelverk. Studieavgifta for studentar vil endre seg frå 2025 som følgje av eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskular og endringar i regelverket om studentbetaling (egenbetalingsforskrifta).

    Endringa av studieavgifta vil bli klar i løpet av 2024. Vi legg ut informasjon så snart vi veit korleis endringane påverkar studentbetaling

    Endringa av studieavgifta vil bli klar i løpet av 2024. Vi legg ut informasjon så snart vi veit korleis endringane påverkar studentbetaling

    Kva blir du kvalifisert til?

    Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut, med masterkompetanse.

    Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.

    Med fullført mastergrad blir du også kvalifisert for å søke opptak til ph.d.-program.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb
    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs