Demens og alderspsykiatri

Arbeider du i første- eller andrelinja i helse- og sosialtenesta, og ønskjer å utvikle vurderings- og handlingskompetansen din? Denne vidareutdanninga fokuserer på forebygging, diagnostisering og behandling av demens og psykiske lidingar som opptrer i høg alder.

Vi har ikkje planar om å ta opp nye studentar på dette studieprogrammet i 2021.

For å kunne yte gode tenester til desse pasientgruppene, treng du spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi.

Du lærer om:

  • Demens- og alderspsykiatrisk utgreiing og behandling
  • Kommunikasjon, samhandling og miljøtiltak
  • Alderspsykiatriske tenester i første- og andrelinjetenesta

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert og vi legg opp til 3 samlingar, totalt 11 dagar. Vi har forelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

Mellom samlingane foregår kommunikasjonen gjennom den digitale læringsplattforma Canvas.

Informasjon til deg som er tatt opp