Pleie og behandling av ikkje-helande sår

Etter- og vidareutdanning

Korleis identifiserer du kva sår som har normal og forventa heling, og kva sår som krev oppfølging og behandling? Korleis eliminerer du tilstander som hemmar heling av sår? I vidareutdanninga vil du lære løysingar som både er fagleg og samfunnsøkonomisk forsvarleg når det kjem til behandling av sår.

Kvifor studere Pleie og behandling av ikkje-helande sår?

Det er behov for personell med spesialkompetanse innan sårbehandling på alle nivå av helsetenesta.

I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskapelege grunnlaget for faget har også hatt ei rivande utvikling i denne perioden.  

Ved å studere Pleie og behandling av ikkje-helande sår vil du få oversikt over fagområdets uttrykksformer, og bli i stand til å drøfte faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar både på spesialistnivå og med allmenta.  

Korleis er studien bygd opp?

Pleie og behandling av ikkje-helande sår er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng som er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng:

Kva lærer du?

Ved å gjennomføre vidareutdanninga vil du mellom anna lære om:

  • Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
  • Sårbehandlinga sitt fysiologiske og patofysiologiske grunnlag
  • Sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp
  • Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar
  • Sår forårsaka av sjukdom i venøs, arteriell og lymfatisk sirkulasjon
  • Sår forårsaka av trykk, nevropati og immunologisk/inflammatorisk sjukdom

Målgruppe

Dette er studien for deg som jobbar i helsetenesta og ønskjer meir kunnskap om behandling av sår. 

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Kvart emne er delt inn i to tema, og kvart tema startar med ei samling på fire dagar. Her vil fleire av dei leiande ekspertane i landet førelese om utvalde emne relatert til dei aktuelle tema.

Mellom modulane vil kommunikasjon, rettleiing og innlevering gå føre seg ved hjelp av internettbaserte hjelpemiddel.

Samlingar

Alle samlingane er frå og med mandag til og med torsdag, og gjennomførast i Haugesund.

Første samling hausten 2023
Veke 36: 4.–7. september 2023.
Innlevering (Canvas) studiekrav 1 (gruppeoppgåve): Fredag 13. oktober innan kl. 23.59.

Andre samling hausten 2023

Veke 42: 16.-19. oktober 2023.

Eksamensperiode 13. november til 1. desember. Siste frist for innlevering av oppgåve til veiledning torsdag 23. november kl. 9.

Innlevering (WISEflow) av eksamen i Sår1101 fredag 1. desember før kl. 14 (obs! klokkeslett).

Kontinueringseksamen innlevering 1. mars 2024. Eksamensperiode 12. februar–1. mars 2024.

Hugs å melde deg opp til eksamen i Sår1102 før nyttår (StudWeb).

Tredje samling våren 2024
Veke 2: 8.–11. januar 2024. 

Innlevering i Canvas av andre studiekrav: Fredag 1. mars 2024 innan kl. 23.59.

Fjerde samling våren 2024
Veke 10: 4.–7. mars 2024.

Eksamensperiode 15. april til 3. mai. Siste frist for innlevering av oppgåve til rettleiing: torsdag 25. april kl. 9.
Innlevering av eksamen i WISEflow i Sår1102, 3. mai før kl. 14.

Konteeksamen innlevering 1. september 2023. Eksamensperiode 12. august–30. august 2024.

Starta du opp hausten 2022?
Her finn du meir informasjon om samlingar 2022/2023

Tilrådde forkunnskapar

Det er inga tilrådde forkunnskapar, men opptakskravet er bachelorgrad i helse- og sosialfag.

Pensum

Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

Eksamensform

Individuell skriftleg oppgåve

Kvifor ta meir utdanning?

Et arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønnsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre etter- og vidareutdanningar

 

 

.