Hoppande jente i siluett foran himmel med solnedgang.

Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking

Etter- og vidareutdanning

Vil du lære meir om korleis du kan bruke friluftsliv og fysisk aktivitet i arbeid med menneske i ulike livssituasjonar? I utdanninga får du kompetanse om folkehelse, aktivitet, naturopplevingar og deltaking for å styrke helse og livsmeistring.

Bli med på digitalt informasjonsmøte om utdanningen 16.mars kl.11:30

Kvifor studere Aktiv omsorg?

Fysisk aktivitet og bruk av naturen bidreg til helse og livskvalitet for menneske i alle aldrar. I utdanninga lærer du korleis du kan tilpasse aktivitet og nærfriluftsliv til menneske med ulike behov. Studiet legg vekt på tverrfagleg erfaringsdeling og samarbeid. Du lærer å anvende teori og praktiske verktøy i din arbeidskvardag, slik at du kan setje i gang tiltak/prosjekt allereie under utdanninga.

Korleis er studien bygd opp?

Aktiv omsorg er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng. Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng:

Kva lærer du?

Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du lære om:

  • bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving
  • kva eit aktivt liv har å seie for å fremme livskvalitet og helse, også i eit fleirkulturelt perspektiv
  • relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid
  • teoriar og tilnærmingar innan aktivitet og naturopplevingar
  • sjølvstendig arbeide med å planleggje og setje i verk tiltak/prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking
  • arbeide kunnskapsbasert med aktivitet og friluftsliv

Målgruppe

Studiet passar for yrkesgrupper i offentleg og privat sektor til dømes innan helse- og sosialomsorg, skule- og oppvekst og spesialisthelseteneste.

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, digitale læringsformer, praktiske aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal du gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane.

Samlingar

Våren 2023 vert det samlingar for emnet MT501 i veke 3, 9 og 17.

Veke 3 og 17 er tysdag – fredag
Veke 9 er tysdag-torsdag + halv dag digitalt onsdag 8. februar

Haust 2023: Informasjon kjem
Vår 2024: Informasjon kjem

Tilrådde forkunnskapar

Det er inga tilrådde forkunnskapar. 

Pensum

Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

Eksamensform

I emne MT500 er det heimeeksamen
I emne MT501 er det prosjektarbeid med innlevering av prosjektrapport

Kvifor ta meir utdanning?

Et arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønnsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Vil du studere meir?

Dei to emna kan saman, eller kvar for seg, gå inn som valfrie emne/studiepoeng i fleire masterutdanningar. Les om korleis du kan søke om innpass.

Sjå oversikt over alle våre etter- og vidareutdanningar

.