Kursoversikt
Nettbaserte kurs haust 2025 og vår 2026, utan samlingar
Nettbaserte kurs berre haust 2025, med digitale samlingar
Samlingsbaserte kurs i kommunar i Vestland fylke våren 2026
Målgruppe
Kursa er retta mot klinikarar, leiarar og administrativt tilsette innan helsevesenet eller i helserelaterte organisasjonar. Kursa fokuserer på helserelaterte problemstillingar, men det er viktig å merke seg at dette også er relevant for tilsette som kanskje ikkje først og fremst tenker at dei jobbar med helse direkte. Dette kan til dømes vere kompetansesenter eller organisasjonar der tilsette har nytte av kompetansebygging på korleis helse og funksjon kan vere påverka av ulike faktorar.
Dei samlingsbaserte kursa blir tilbudt Kinn kommune, Gulen kommune, Voss herad og Ullensvang kommune. HKDIR og HVL finansierer kurspakken fram til 2026, og kursa er derfor gratis for kommunar og deltakarar i denne perioden.
Ta studiepoeng eller få kursbevis
Du kan velge om du vil gå opp til eksamen og få studiepoeng, eller få utstedt eit kursbevis frå HVL for deltaking på kurset. Dei nettbaserte kursa i programmet er berre tilgjengelege som studiepoengskurs. Dei samlingsbaserte kursa er tilgjengelege både som etterutdanningskurs og som studiepoengskurs.
