Arbeids- og kompetanseområde
Fagseksjonleiar ved Fagseksjon global helse og rehabilitering.
Eg har bakgrunn som forskar innan nevrovitskap (UiB og University of Virginia) og har tidlegare undervist i fysiologi her ved HVL. No leier eg Fagseksjon global helse og rehabilitering, som er ein tverrfagleg seksjon ved Institutt for helse og funksjon. Eg jobbar særleg med kompetansebygging for dagens samfunnsbehov, migrasjon og aldring. Eit viktig aspekt ved dette er korleis vi strukturer utdanning for å sikre at vi kan bygge kompetanse der det er behov for det. Dette går mellom anna på desentralisering, digitalisering, fleksibilitet, vurderingsmetodar og kontakt med praksis og sivilsamfunn.
Eg leier prosjekta "Health equity through education for a sustainable society, HEQED" (Erasmus+) der vi jobbar med å forstå korleis vi fremmer likeverdig helse gjennom utdanning og "Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell" (Hkdir) der vi utviklar eit vidareutdanningsprogram innanfor helse, migrasjon og aldring.
Nylege publikasjonar:
Built Environment Accessibility and Disability as Predictors of Well-Being among Older Adults: A Norwegian Cross-Sectional Study. Int. J. Environ. Res. Public Health 2023, 20, 5898.
"On becoming a (physio)therapist, Mindlines changing education", chapter in Knowledge Transformation in Health and Social Care. 2022 Taylor & Francis group.
"Borten Moe, løft blikket!". Khrono.no 2022
"Å kreve betaling fra utenlandske studenter viser at vi ikke har lært av pandemien", Utrop, 2022
Collaborative effort to increase the physiotherapist’s competency in rehabilitation of torture survivors. Journal on Rehabilitation of Torture Victims and Prevention of Torture 2021 ;Volum 30.(3) s. 61-66
QuaranTrain: An international community of practice for learning. Open Physio Journal 2021
Genetikk - ei innføring. Fagbokforlaget 2020 (ISBN 9788245025088)
Traumebevisst omsorg i fysioterapeutisk behandling av personar med flyktningbakgrunn. Fysioterapeuten 2020
Ved Seksjon global helse og rehabilitering driftar vi masterprogrammet "Master in healthy ageing and rehabilitation" og vi jobbar no med å utvikle programmet "Helse, migrasjon og aldring", som er eit etter- og vidareutdanningsprogram tilpassa fleksibel og desentralisert utdanning. Forskinga vår er retta mot aldring, migrasjon og internasjonal utdanning. Aldring og migrasjon er dei to viktigste årsakene til dei demografiske endringane vi har globalt og i Noreg, og vi er i er særleg interessert i å forstå korleis vi kan handtere desse endringane i tida framover.
Tilsette i seksjonen
Maria Nordheim Alme, fagseskjonsleiar, førsteamanuensis
Yaliso Yaya Balla, førsteamanuensis
Mariya Stoyanova Bikova, førsteamanuensis
Alemayehu Hailu. førsteamanuensis
Djenana Jalovcic, førsteamanuensis
Mike Landry, professor
Hanne Tuntland, dosent
Graziella Van den Bergh, førsteamanuensis
Master of healthy ageing and rehabilitation
"Helse, migrasjon og aldring" - nytt etter- og vidareutdanninigsprogram frå hausten 2023. Meir informasjon kjem
Fysiologi
Prosjekt
1) PREP (2018 - 2021) og PREP IP (2021 - 2024), Erasmus+ https://prosjekt.hvl.no/prep/ (koordinator)
2) HEQED (Health Equity in Education for a sustainable society, 2021 - 2024, Erasmus+, koordinator)
3) Desentralisert videreutdanning for helsepersonell (2022 - 2026, hkdir, leiar for prosjektet)
4) Helsetenester for torturoverlevere i Norge
5) Global Perception on Healthy Aging