Institutt for helse og funksjon

Institutt for helse og funksjon tilbyr utdanningar på bachelor- og masternivå innan helsefag, i tillegg til vidareutdanningar. Vi samarbeider tett om faglege utviklingsprosjekt med Helse Bergen og Bergen kommune, og nyttar heile Helse Vest som praksisstad for studentane våre. Forskarane våre samarbeider med universitet internasjonalt, mellom anna Duke University i USA, og instituttet har utvekslingsavtalar for studentar og tilsette på dei fleste kontinenta.

Ved campus Bergen har studentane tilgang til eit høgmoderne simuleringssenter, SimArena, der dei har høve til unik praktisk læring forut for ekstern praksis.

Vi held til i Bergen, og har om lag 56 tilsette og 700 studentar.

Utdanningsprogram

Forskingsområde