Gottman parterapimetode

Gottman parterapimetode

Etter- og vidareutdanning

Den overordna målsettinga med studiet er å gi fordjupingskunnskap og praktiske ferdigheiter i parterapi, inspirert av Gottman parterapimetode. Metoden er særs godt eigna i allmenn parterapi, i arbeid med par i foreldrerolla og som tilnærming til par med særlege utfordringar knytt til rus, trauma og sinne.

Studiet er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng over fire semester. 

Korleis er undervisninga?

Undervisning blir gitt som 2-3 samlingar på 2-4 dagar per semester, til saman 30 undervisningsdagar.

Undervisninga vekslar mellom forelesningar, arbeid og øving i grupper samt rettleiing av deltakarane sitt arbeid med par. Studiet har avsluttande klinisk eksamen.

Samlingar i 2022/2023

  • 29.–31.8.2022 kl. 9–15
  • 3.–5.10.2022, kl. 9–15
  • 28.–29.11.2022, kl. 9–15
  • 16.–17.1.2023, kl. 9–15
  • 20.–22.3.2023, kl. 9–15
  • 4.–5.5.2023, kl. 9–15

Alle samlingar er på campus på Kronstad i Bergen.

Sari Lindeman er fagprogramansvarleg i Gottman parterapimetode.

Det blir vist til studieplanen for meir detaljert informasjon om organisering og innhald i studiet.