Hender som held raudt tøyhjarte.

Rusproblematikk og rusarbeid

Etter- og vidareutdanning

Vil du vidareutvikle eigen profesjonalitet i arbeid med menneske med rusvanskar, eller er du leiar for slike tenester? Eller er du politikar eller sakshandsamar og ønskjer auka kunnskap om fagområdet? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg!

Vidareutdanninga er sett saman av to emne à 7,5 studiepoeng og tre emne à 15 studiepoeng.

Desse emna har samlingar i Sogndal:

Desse emna inngår også i vidareutdanninga Psykisk helsearbeid, og har samlingar i Førde:

I studiet lærer du:

  • Om ulike problemstillingar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
  • Om samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
  • Teoriar og metodar som er sentrale i arbeid med rusrelaterte utfordringar
  • Å analysere hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
  • Om samhandling på tvers av faggrupper og tenestenivå
  • Å kunne reflektere kritisk over utforminga av hjelpetilbod

Samlingar

Det er 3–4 samlingar i kvart semester.

Plan for hausten 2022

Oppstart hausten 2022: måndag 22. august kl. 1000.

  • Veke 34 måndag til fredag
  • Veke 37 måndag til fredag
  • Veke 42 måndag til fredag
  • Veke 45 måndag til fredag

Plan for våren 2023

  • Veke 4 tysdag til fredag
  • Veke 10 tysdag til fredag
  • Veke 16 tysdag til fredag

Vil du studere meir?

Du kan bygge på vidareutdanninga med master i psykisk helse- og rusarbeid. Du kan søke om å få godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.

Nokre av emna i vidareutdanninga i rusproblematikk kan inngå som valemne i master i samhandling og folkehelse, master i sosialvitenskap og master i familieterapi og relasjonelt arbeid. Les om korleis du kan søke om innpass.