Hopp til innhald

California State University Monterey Bay (CSUMB)

Gjeld for

Studiestad Haugesund, Bergen, Sogndal og Stord.

Språk

Undervisninga går på engelsk. Undersøk med vertsinstitusjonen kva krav til dokumentasjon som gjeld.

Må du bevise språkkunnskapane dine ved opptak, kan eit godkjenningsbrev frå HVL om nivå på engelskkunskapar brukast. Du kan og ta ein språktest, f.eks. TOEFL eller IELTS. Du bør melde deg opp til desse testane så tidleg som mogleg i søknadsprosessen, då plassene ofte raskt blir fylt opp.

Om du har 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande kan du bruke vitnemål som bekrefting på språkkunnskapar. Vitnemålet kan vere på norsk.

Studieavgift

Frå Lånekassen får same stønad som når du studerer i Noreg, i tillegg til reisestønad. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden. Ved denne institusjonen må du betale skulepengar. For hausten 2022 låg desse skulepengane på rundt 5700 USD.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved fakultetet du tilhøyrar. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere mens du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?

Bachelor i økonomi og administrasjon, Haugesund

Studerer du økonomi og administrasjon kan du reise på utveksling til California State University Monterey Bay i 4. eller 5. semester. Hvilket semester som gjelder for deg vil avhenge av hvilken campus du studerer på. Ta kontakt med fagelg kontaktperson for meir informasjon.

Bachelor i vernepleie

Du kan reise på utveksling til Monterey Bay i løpet av utdanninga di. Snakk med fagleg kontaktperson om kva semester som passar best inn i studieløpet ditt.

Master i praktisk utdanningsvitskap

Det legges opp til at studenter kan dra til Monterey Bay i 2. eller 3. semester. Snakk med din faglige kontaktperson for meir informasjon.

Historie, bachelorstudium, Sogndal

Du kan reise på utveksling til USC i eitt semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson om kva semester som er aktuelt for deg.

Historie, bachelorstudium - nettstudium

Du kan reise på utveksling til USC i eitt semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson om kva semester som er aktuelt for deg.