Praksis i ergoterapi

Her finn du praksisinformasjon til deg som er student ved ergoterapiutdanninga.

Viktig informasjon om covid-19 og praksis vår 2021

 

Før praksis må du lese praksishefte, emneplanen for ditt aktuelle studieår og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med studieplanen og felles informasjon om praksis.

Tidspunkt for praksisperiodar og emne

Campus Bergen

Første studieår:

Andre studieår:

Tredje studieår:

Tildeling av praksisplass

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Plassene blir fordelt etter oppsatt liste for kvar praksisperiode.

Les meir om kvar du kan ha praksisplass

Du vil i hovudsak få praksisplass på Vestlandet eller deler av Agder. 

Arbeidstid og turnus

Du følger same arbeidstid som rettleiar. Ved nokre praksisplassar må du difor rekne med å arbeide turnus, med tidleg og seinvakter.

Tilrettelegging av praksis

Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, finn du meir informasjon på nettsida om tilrettelegging av praksis.

Vurdering av praksis

Du og rettleiar skal gjennomføre både midtvegsvurdering og sluttvurdering av praksis. Skjema for sluttvurdering skal du levere inn i det digitale verktøyet Wiseflow. Sjå Canvas kva andre vedlegg som også skal sendes inn. 

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis

Praksishefte

Studieplan

Sjå fleire studieplanar

Anna nyttig informasjon

Arbeidsklede og hygiene

Utover krav om alminnelig personleg kroppshygiene, gjeld følgande i tida du er i praksis:

Hender og neglar

Studentar skal følge den Nasjonale rettleiaren for handhygiene. Neglane må vere korte, velstelte, utan neglelakk.

Smykker m.m.

Halsband, ringar, armband, øyrepynt, klokke m.m. skal ikkje brukast når ein går i arbeidsklede. Dette gjeld også synleg piercing (gjelder også leppe, tunge, nase).

Kosmetikk

Eventuell sminke skal vere diskret. Studentar skal ikkje bruke parfyme, krem eller liknande med lukt, i praksis. Deodorant er greit, helst parfymefri.

Hår, skjegg og bart

Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal samlast.

Røyking, snus og alkohol

Det er ikke lov å røyke eller bruke snus når ein har på arbeidsklede. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel i eit tidsrom av 8 (åtte) timar før arbeidsdagen startar. Sjå også Helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Arbeidsklede og hijab

Ved nokre praksisplassar må du bruke eigne arbeidsklede. Enten må du halde arbeidsklede sjølv, eller dette blir utdelt på praksisstaden. Om praksisen medfører risiko for smitte, skal arbeidskleda kunne desinfiserast og vaskast før ny bruk.

Les meir om arbeidsklede i heimesjukpleie og sjukeheimar

I psykisk helsevern og psykisk helsearbeid går ein sivilt kledd. Det er eigne retningslinjer for dette ved dei ulike praksisstadane.

I ergoterapi er det vanleg at ein får låne eller tildelt arbeidsklede på arbeidsplassen, dersom uniform skla nyttas. 

Dersom du bruker hijab må du kontakte den aktuelle avdelinga ved praksisinstitusjonen seinast 10 dagar før praksis, slik at dei kan bestille hijab på førehand.

Namneskilt

Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg navneskilt med fornamn og etternamn og kva studium du er student ved, til dømes sjukepleiarstudent eller fysioterapeutstudent. 

Det finst fleire firma som lagar slike skilt, til dømes www.navneskilt.no.

Sjukepleiestudentar kan skaffe namneskilt og uniform via NSF.

Sko

Skoa bør gi god støtte for foten og ikkje klapre når ein går. Skotøy skal berre brukast i praksis. Sko og sokkar skal vere reine.

Lurer du på noko?

Seniorkonsulent
Administrasjon ved FHS

 

Stipendiat
Institutt for helse og funksjon

Dette må alle kjenne til: