Drøymer om å jobbe i ein fotballklubb

Dei drøymer alle om å jobbe i ein fotballklubb etter studiet. I utdanninga bachelor i idrett, trening og helse lærer Anton, Adrian, Torgrim og Marianne blant anna om korleis planlegge og leie trening for ulike målgrupper. Samtidig hentar dei verdifulle erfaringar i den lokale fotballklubben gjennom studietida i Sogndal. 

Namn: Anton Sekkingstad, Adrian Søvold, Torgrim Hjelle Eltvik og Marianne Raad Larsen 
Kjem frå: Øygarden, Bømlo, Ørsta og Gloppen
Studerer: Bachelor i idrett, trening og helse
Campus: Sogndal  

Coaching og pedagogikk

Marianne har vore aktiv fotballspelar sidan ho var fem år. Frå studieretning breiddeidrett på vidaregåande, gjekk vegen vidare til bachelor i idrett, trening og helse, på campus Sogndal. Ho hadde høyrt mykje bra om studentmiljøet i bygda, og dei gode moglegheitene i klubben Sogndal fotball. Marianne fortel at studiet har gitt ho mykje og variert kunnskap. 

- Vi har lært om mellom anna coaching og pedagogikk, om skadeførebygging, paraidrett og barneidrett. Vidare skal vi innom korleis ein legg til rette og set opp ei treningsøkt i ulike idrettar, og tredje året skal eg ta fordjuping i fotball, fortel Marianne.

Ho synest studiet har ei god blanding av både teoretisk og praktisk undervisning, og at ein får gjere mykje kjekt om ein er litt lei av å sitte på skulebenken. Marianne fortel at ho drøymer om å jobbe i ein klubb, jobbe som trenar eller ferdigheitsutviklar når ho er ferdig med studiet. 

Nytta kunnskap på Norway cup

Alle fire studentane var trenarar på Norway cup sommaren 2023. Der fekk dei god bruk for det dei har lært i utdanninga. Dei er samde om at det var både lærerikt og spennande.

-  Vi fekk god bruk for kunnskapen frå studiet om å sjå korleis utøvarane har det. Vi fokuserte på belastning, og å halde spelarane våre friske. Dette har vi lært om i treningslære. Noko av det aller kjekkaste med å delta på Norway cup var å bli lagt merke til av andre. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå foreldre og andre trenarar, fortel dei. 
Studentane sit også igjen med mange fine erfaringar og gode opplevingar med utøvarane etter Norway Cup.  

- Eg fekk bruk for dei ulike pedagogiske måtane å opptre på som trenar, og korleis ein kan løyse ulike situasjonar og møte spelarane, seier Marianne.  

Trivst i Sogndal  

Dei fire idrettsstudentane har alle funne seg godt til rette i Sogndal. Dei fortel om ei bygd der alt er lett tilgjengeleg, som har mykje å by på og der dei føler seg godt tatt i mot.  

- Det er veldig kjekt å studere i Sogndal, og eg har fått mange gode venner her. Sogndal er ein liten stad der ein kjem tett på dei andre studentane og blir fort kjend med andre. Sogndal fotball legg også godt til rette om ein ønskjer å jobbe litt på «felt», seier Marianne.  

Anton, Adrian og Torgrim er fotballtrenarar for eit gutelag, og er også del av Sogndal fotball sitt akademi.  

- Vi får mykje læring og utvikling i Sogndal, seier dei.