Fjords and Glaciers

Halvtårsstudium

Fjords and Glaciers er eit studium for deg som er glad i natur og friluftsliv, og som vil lære meir om friluftsliv i ein pedagogisk kontekst, miljøspørsmål, norske tradisjonar og naturen sin påverknad på kulturlivet i Noreg.

Kvifor studere fjords and glaciers?

Den norske tradisjonen for friluftsliv i ein pedagogisk kontekst og koplinga mellom dette og miljøspørsmål er grunnleggande i dette tverrfaglege studiet. 

I studiet lærer du:

  • korleis friluftsliv kan brukast i ein pedagogisk kontekst
  • korleis mennesket påverkar naturen
  • korleis vi har brukt naturen gjennom tidene

Du får oppleve det typiske landskapet i Vest-Noreg med fauna og flora, og lære korleis dette landskapet blei danna og endra.

Studiet er tilrettelagt for utvekslingsstudentar, men er også ope for norske søkjarar dersom det er ledige studieplassar. Oppstart føreset tilstrekkeleg tal utvekslingsstudentar.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Praksis i utdanninga

Du har fem dagar praksis på ein leirskule og det kan og bli enkelte dagar med praksis i barnehage, grunnskule eller andre institusjonar der friluftsaktivitetar vert nytta.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.