Arbeid med kvalitet i utdanningar innan pedagogikk, religion og samfunnsfag, inkludert praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Informasjon om studieprogram

FLKI tilbyr PPU på studiestadane Stord, Sogndal og Bergen. For meir informasjon om studieprogrammet, sjå denne lenka.

Kvalitet i studieprogram

Viktige funksjonar for kvalitet i programmet:

Studieprogramleiar:

Studieprogramleiar
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett


Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogramma i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, samt dei instituttovergripande mastarane i praktisk utdanningsvitskap (MPUV) og didaktiske praksisar (MDIP). Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane.

Leiargruppe i PPU

Arne Kaldestad, studieprogramleiar
Janne Halvorsen Kleppe, assisterande instituttleiar IPRS
Vibeke Henriette Kvarven, administrativ utdanningskoordinator IPRS

Studiekoordinatorar (emneansvarlege)

Valborg Kløve-Graue PPU Y 306. Bergen
Åshild Berg-Brekkhus PPU Y 305, Bergen
Steinar Westrheim PPU Y 305, Stord 
Åse N. Bruvik, PPU Y 306 Stord
Thomas Arnesen PPU A 305 Stord
Kjersti Hovland, PPU-Y, Sogndal
Marit Uglum, PPU-A, Sogndal

Utvida utdanningsteam består av studieprogramleiar, assisterande instituttleiar, administrativ utdanningskoordinator, emneansvarlege og administrativt utdanningsteam.

Administrativt utdanningsteam

Studieprogramråd for PPU, kunstfag og masterutdanningar

Studieprogramrådet er rådgivande til studieprogramansvarleg og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.

Studieprogramråd for for PPU, kunstfag og masterutdanningar

Kvalitet i emne

Involvering frå fagtilsette

Ansvar: Studieprogramansvarleg

  • Innspel til emne- og studieprogramrevisjon vert organisert 4. kvartal
  • Drøfting i PPU-teama
  • Møte med studieprogramansvarleg
  • Fagsamling vert organisert 1.kvartal. Der er innspel til utvikling av emne- og studieplan ei av sakene.

Praksisfelt og arbeidsliv

Ansvar: studieprogramansvarleg og assisterande instituttleiar

  • Innspel gjennom studieprogramråd
  • Innspel gjennom møter med lærarutdanningsskular
  • Møter med skuleeigarar gjennom året
  • Årleg digitalt fellesmøte for praksisskular frå alle campus 

Oppfølging i studieåret

  • Studieprogramråd: møte i september, januar og mai
  • Referansegruppene: møte i desember og april
  • Emnerevisjon: møte i desember
  • Utvida utdanningsteam har møter ein gong i månaden.  

Rulleringsplan ekstern sensur

Rulleringsplan anonyme undersøkingar:

Dei anonyme evalueringane vært gjennomførd midtvegs og/eller  i slutten av kvart studieår

Rulleringsplan periodisk studieprogramevaluering:

Studieprogrammet er nyleg samkøyrd og har fyrste oppstart hausten 2019. Det vært lagt opp til ei periodisk evaluering i 2022.

Studentmedverknad

Studentar kan i det daglege gi tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer. I hovudsak er referansegruppemøter valt som oppfølgingsform i PPU.

Til referansegruppa blir to studentar (ein medlem og ein vara) valt til å delta i midtvegsevaluering og sluttevaluering av emnet. Her blir viktige aspekt som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med faglærarar og emneansvarleg.

Om det er valt referansegruppe, kan ein student som har tilbakemeldingar på eit emne kontakte referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.

Oversikt over referansegruppemedlemmer skal vere synleg i Canvas og i Kvalitetshandboka. I nokre emne vert det gjennomført klassemøter i staden for referansegrupper, der kvaliteten på emnet blir diskutert i plenum med studentar, faglærarar og emneansvarleg i emnet. Det blir også gjennomført jamnlege anonyme elektroniske evalueringar i alle emna i utdanninga. Studieprogramansvarleg kaller inn til årleg møte for alle klassetillitsvalte  

Problemstillingar knytt til emnet tas i hovudsak opp i referansegruppemøta. Om problemstillingar som er tatt opp i dette forumet ikkje fører fram, har studentar høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.