Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking

Eit forskingsprogram ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL.

Profesjons- og utdanningsforsking er eit dynamisk forskingsfelt med kunnskap frå mange akademiske fagdisiplinar og som inngår i ulike fleirfaglege samanhengar.

Forskingsaktiviteten i programmet er særskilt innretta mot å styrka forsking på og utvikling av praksisnær profesjons- og utdanningsforsking. Forsking på grunnskulelærar- og barnehagelærarutdanning og samspelet med praksisfeltet og samfunnet elles er såleis eit sentralt felt for dette programmet, men programmet opnar også for forsking på andre nær slekta utdannings- og profesjonsfelt.

Profesjons- og utdanningsforskinga fokuserer på pedagogen som aktiv utøvar og leiar av undervisning og oppdraging, og på utviklinga av profesjonsutdanninga som del av ein større økologisk kontekst.

Programmet går på tvers av fag innan heile lærarutdanningsfeltet og skal møta både faglege, pedagogiske og didaktiske utfordringar innan fagfelt frå humaniora, samfunnsvitskap og naturvitskap. Sentralt står tema som forholdet mellom teori og praksis, mellom praksisfelt og campus, mellom fag, fagdidaktikk og allmenndidaktikk og forholdet mellom deltakarar i eit praksisfellesskap. Overgang barnehage – skule, fråfall i vidaregåande skule og organisasjon og leiing er andre aktuelle tema.

For å forska på desse felta opnar programmet for eit mangfald av vitskaplege tilnærmingar, metodar og analysestrategiar.

Forskinga kan vera relatert til:

  1. systematiske analysar og utvikling av profesjonsutøvinga
  2. kasus-studiar av lærarutdanningsprogram
  3. undersøkingar av didaktisk praksis
  4. forsking på fleirfaglege og fleirmetodologiske tilnærmingar til utdanningane
  5. forsking på utdanningane i eit samfunnsperspektiv

Programmet går på tvers av fakultetet sine institutt, og omhandlar forsking og utviklingsarbeid innan følgjande tre hovudområde:

  • Innhald:
    Aktuelle utviklings- og forskingsområde kan vera knytt til felt som
    i) visjonar, koherens og danning, 
    ii) fagas teori, didaktikk, historie og grunnlagsproblem,
    iii) didaktisk praksis, lærarrolla, vurdering, 
    iv) læring,
    v) ulike medium.

  • Struktur og organisering:
    Døme på aktuelle område vil her vera kontekst, koherens, oppbygging og tilrettelegging av program og studium, samarbeid med praksisfeltet og utvikling av ph.d.-program.

  • Profesjon og utdanning i eit samfunnskritisk perspektiv:
    Aktuelle forskingsområde vil vera knytt til sosiale og økonomiske faktorar, til etikk og kritikk og til lærarutdanninga sin plass i samfunnet.