Forskargruppe for innovativ teknologiutvikling i utdanning (FORITEK)

Forsking, utvikling og innovasjon knytt til læring og undervisning i læringskontekstar der teknologi er ein vesentleg del av læringsøkologien.

Forskargruppa har ei grunnleggjande konstruktiv og kritisk tilnærming til forskingsfeltet. FoU-aktiviteten vil dreie seg om å utfordre etablerte didaktikkar, med sikte på å identifisere og utforske område der teknologien kan utvikle faga sin didaktikk på produktive måtar.

Samstundes vil ein søke å identifisere og utforske uventa negative følgjer av bruk av IKT i skulesamanheng, både didaktisk men også på meir overordna nivå, – å synleggjere kva konsekvensar til dømes tidleg digitalisering har for dei unge si sosiale og kulturelle utvikling og danning. I dette ligg også å synleggjere maktstrukturar bak digitaliseringa.

Eit overordna perspektiv her er å utvikle kunnskap om korleis lærarar og lærarstudentar kan få dei analytiske reiskapane som er naudsynte for å kunne utvikle eit konstruktivt og kritisk blikk på teknologibruk i lærings- og undervisningsverksemda. 

Aktiviteten i forskargruppa vil orientere seg langs fem aksar

1) Fagleg-didaktisk

Den fagleg-didaktiske aksen dreier seg om forsking som tek utgangspunkt i fagdidaktiske problemstillingar, – konkrete utfordringar som møter læraren i fagundervisninga der IKT inngår som eit vesentleg element, først og fremst med sikte på å effektivisere og aktualisere fagundervisning. Her er det fag- og fagdidaktisk kompetanse som står i sentrum. 

2) Pedagogisk

Den pedagogiske aksen har fokus på teknologi som middel for å nå utdanninga sine normative mål. Her er teknologien underordna dei pedagogiske måla ein prøver å nå. Ein vil til dømes sjå på måtar teknologi kan knytte menneske saman på, redusere fordommar, auka elevar si forståinga av seg sjølv og andre, vere ein inngang til kreativitet og livsutfalding med meir.

Med eit kritisk perspektiv ser ein også på korleis sider av digitaliseringa kan undergrave pedagogiske målsetjingar. Denne aksen krev også tette band til og samarbeid med fagseksjonane. 

3) Intrastrukturell

Den infrastrukturelle aksen er knytt til det faktum at aukande bruken av IKT dei siste åra har ført til at fjern- eller nettbasert-undervisning og campusbasert undervisning (andlet-til-andlet) har nærma seg kvarandre, nokre vil sei konvergert. I arbeidet med denne hybridiseringa av utdanninga er vi opptekne av kva behov og forventningar livslang-læring-studentar og lærarar i høgare utdanning har.

Refleksjonar knytt til didaktisk bruk av IKT – er eit vesentleg punkt i lærargjerninga. Vi vil bygge på erfaringar og vitskaplege analysar og med dette som utgangspunkt drøfte og reflektere kring interessante pedagogiske problemstillingar og også bruke dette som kunnskapsgrunnlag i design av nettbaserte studietilbod innafor HVL sin studieportefølje. 

4) Teknisk og innovativ

Dei tekniske og innovative aksane har merksemda retta mot den tekniske sida av feltet og mot utvikling av innovative og teknologirike læringsomgivnader, knytt til til dømes programmering, simuleringar, kunstig intelligens, læringsanalyse og nettverksanalyse. Her vil ein både utforske og søke å påverke «state-of-the-art» på feltet i samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarinstitusjonar.

Denne aksen har fokus på det teknologifaglege og pedagogiske, og er mindre avhengig av tette band til fagseksjonane. Her vil det dreie seg om å bygge opp eit miljø for å eksperimentere, prototype og vere nyskapande og utprøvande, ikkje minst med sikte på å etablere forskargruppa også som eit knutepunkt inn mot utvikling av eit nytt teknologifag si skulen. 

5) Medium og design

Forsking innanfor medium- og designaksen er retta mot design-prinsipp med fokus på korleis einskilt-teknologiar og digitale økosystem har innverknad på prosessar for meiningsskaping. Det vil vere av interesse å undersøke korleis teknologiar samanstiller og bruker ulike semiotiske ressursar for å oppnå ønska målsetjingar, og forske på korleis mottakarane opplever møtet med slike teknologiar og korleis dei vert tekne i bruk i praktiske situasjonar. Særleg ønskjer ein å ekstrahere generiske prinsipp som kan leggje grunnlaget for utvikling av nyskapande pedagogikk. Samstundes inneber forsking på meiningsskaping at ein også ser på korleis teknologiar kan brukast til manipulasjon av meiningar ved å innverke i det skjulte t.d. ved målretta politisk og kommersiell «reklame» basert på programmerte algoritmar. Læringsanalyse må i lys av dette undersøkast både med tanke på konstruktive inngangar til utdanning, men med eit vakent auga for utilsikta negative konsekvensar.

Forskingsprogram

Forskergruppen er tilknyttet programmet Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking

Forskargruppeleiar