Professor

Vigdis Vangsnes

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er leiar av det strategiske forskingsprogrammet knytt til praktiske og estetiske fag og læreprosessar.

Forskar på undervisning, gjerne knytt til improvisatoriske og estetiske læreprosessar og digitale medium i alle fag. Forskinga er hovudsakleg knytt til lærarutdanning og korleis ein gjennom øving på campus kan byggja reflekterte faglege undervisningsrepertoar. Forskinga spenner frå studiar om profesjonsutvikling i lærarutdanninga, til berekraftige digitale praksisar i barnehagen. Me har nettopp avslutta forskingsprosjektet Building Sustainable Digital Practices in Kindergarten Literacy and Arts Programmes (DigiSus). I perioden 2021 til 2026 leier eg det NFR-finansierte forskingsprosjektet Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro) Rehearsing Teaching Professionally - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) og det HK-dir-finansierte utviklingsprosjektet Rehearsing Teaching Professionally in Teacher Education (ReTProTE). I begge prosjekta undersøker vi korleis vi kan knyta teori og praksis og høgskule, forsking og praksisfelt tettare saman og korleis me kan legga til rette for at lærarstudentane også på campus får høve til å øva seg på å vera den reflekterte utøvande læraren i klasserommet.

Underviser i 

Estetiske læreprosessar, lærarrolla, digitale medium i barnehagen, kunstfagdidaktikk, dramapedagogikk, dramaturgi, improvisasjon, performativitet, vitskapsteori, kvalitative forskingsmetodar.


Forskar på

  • Er leiar av og forskar i prosjektet ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally), 2021-2026, NFR/HKdir, Rehearsing Teaching Professionally - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no). ReTPro er ei ny praksisnær metodisk tilnærming (øvingsrommetodikk) i grunnskulelærarutdanninga som prøver ut arbeidsformene dialogisk undervisning og pedagogisk drama i faga engelsk, matematikk, pedagogikk og norsk og knyter det til satsingsområda kritisk tenking og demokratisk medborgarskap i Kunnskapsløftet 2020.
  • Andre tematikkar eg forskar på:
  • Partnarskapsutvikling
  • Lærarutdanning og profesjonsutvikling
  • Undervisning
  • Lærarrolla
  • Estetiske læreprosessar
  • Digitale praksisar i barnehagen
  • Improvisasjon
  • Fagfornyinga

Forskargrupper 

  •