Studentar i ein sofa

Rehearsing Teaching Professionally

Forskingsrådsprosjektet ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally) er eit partnarskapsprosjekt som har som overordna mål å utvikla grunnskulelærarutdanninga og bidra til å byggja bru mellom campus og praksisfelt, teori og praksis.

Korleis kan studentane få høve til å øva på, reflektera over og analysera det å vera lærar i klasserommet, slik at dei kan utvikla rike og utforskande undervisningsrepertoar, også når dei er på campus? Dette er eit sentralt spørsmål i prosjektet finansiert av Forskingsrådet. 

Partnarskapsprosjekt mellom høgskulen, kommunar og partnarskular

ReTPro er eit partnarskapsprosjekt mellom lærarutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet, Haugesund og Stord kommunar. I samarbeid med partnarskulane, Skåredalen skole i Haugesund og Tjødnalio skule og Nordbygdo ungdomsskule på Stord, legg me vekt på å arbeida med kritisk tenking og demokratisk medborgarskap, begge viktige verdigrunnlag i Kunnskapsløftet 2020.

Studentar som medforskarar

ReTPro har vidare som siktemål at studentane som medforskarar i prosjektet skal utvikla sine undervisingsrepertoar på ein måte som tek vare på følgjande sentrale pedagogiske føremål:

  • Kvalifisering til læraryrket
  • Sosialisering til det sosiale fellesskapet
  • Subjektivisering, utvikling av autonomi og dømmekraft

Dialogisk undervisning og pedagogisk drama

ReTPro er ei praksisnær metodisk tilnærming der ein prøver ut arbeidsformene dialogisk undervisning og pedagogisk drama i faga engelsk, matematikk og norsk. Læringsdialog og drama er metodar som kvar på sin måte legg til rette for å utvikla dømmekraft gjennom dialogiske møte.

Øvingane vert gjennomførde i samspel med lærarutdannarar frå campus og praksisfelt, medstudentar og elevar. Øvingane vert videofilma for å danna grunnlag for refleksjon og analyse.

bilde av Vigdis Vangsnes

Vigdis Vangsnes

Forskingsprogramleiar