Leiing i og av utdanningssystem

Gruppa er opptekne av korleis leiarar og yrkesutøvarar i utdanningssektoren arbeider med endring, læring og utvikling.  

Forskingsfelt og tema

  • Utdanningspolitiske diskursar – nasjonalt og internasjonalt 
  • Spenningar og samhandling mellom nivåa i utdanningssystemet 
  • Kvalitet, utvikling og vurdering i praksiskontekstar 
  • Leiing og læring i utdanningssystem 
  • Profesjonsutvikling og læring i profesjonelle fellesskap 
  • Kunnskapsprosessar i komplekse system 

Deira profesjonelle yrkespraksis som leiarar i skular, høgskular og barnehagar framstår som våre naturlege forskingsfelt. Det er ikkje «leiarar» i ei smal meining vi er opptekne av, det er meir dei kontekstane, oppgåvene og systema leiararar må forhalde seg til, som er i fokus for gruppa. 

Forsking- og utviklingsinteresser

Den sterke tilknytinga til undervisning har prega forskingsaktivitetane gruppa har drive med, og gruppa spelar ikkje noko sterk, formell rolle andsynes medlemenes publisering. Dette gjev seg utslag i at mange av forskingsaktivitetane har vore drivne av medlemene, lausrive frå gruppa og kopla til andre forskingsprogram eller satsingar i eller utanfor gruppa. Men gruppemedlemene har likevel sett på dagsorden forsking om undervisning i organisasjon og leiing i brei tyding, og dette vert tydeleg gjenspegla i publikasjonslista vår. 

Forskingsprosjekt

Aktuelle publikasjonar

Prosjekt

Forskargruppeleiar

bilde av Hege Fimreite

Hege Fimreite

Forskingsprogramleiar