Arbeids- og kompetanseområde
Eg jobbar mellom anna med:
- Skulen sin innverknad på livskvalitet og psykiske helse
- Kulturen si rolle i å påverka opplevinga av meining, livsmot og livsmestring
- Profesjonsfellesskap og skuleutvikling
- Den profesjonelle si sjølvforståing i menneskepraksisar, m.a. når det gjeld bevisstheit om eigne følelsar
Eg har gjort eit doktorgradsarbeid om skulen si rolle i å fremja psykisk helse og livskvalitet. Sidan 2016 har eg også leia arbeidet med KLAPP, eit tiltak som er utvikla i samarbeid med lærarar og skuleleiarar, for å utvikla deira kompetanse kring livskvalitet og psykisk helse. KLAPP har særleg merksemd på den profesjonelle sin bevisstheit om eigne følelsar, og korleis følelsar påverkar relasjonar og dynamikkar i menneskepraksisar.
I arbeidet med profesjonsutvikling i skulen er eg oppteken av å gje næring til lærarane sitt engasjement for sin jobb, og til refleksjon om kva ein god skulekvardag for alle inneber. Eg har interesse for korleis skulen og den øvrige kulturen skaper forteljingar om kva som er eit godt og meiningsfullt liv, og kva som står på spel for den enkelte, i fellesskapet og i storsamfunnet, nasjonalt som globalt.
Vidare er eg oppteken av lærar og andre leiarar si sjølvforståing, og særleg i situasjonar som er vanskelege for ein eller fleire involverte, og der følelsar er i sving. Med auka sjølvinnsikt og bevisstheit om eige bidrag til dynamikken, er sjansane større for at ein får vera den leiar, lærar og hjelpar ein ynskjer å vera, og risikoen for dobbeltkommunikasjon minskar.
Eg underviser mellom anna i:
- Desentralisert kompetanseutvikling (DeKomp)
- Etter- og vidareutdanningar for lærarar
- Master i praktisk utdanningsvitskap
- Karrierevegleiing
- Grunnskulelærarutdanninga
Eg forskar på:
- Lærar si sjølvforståing, m.a. i høve til skulen sitt overordna mandat.
- Profesjonsutvikling i skulen
- Samanhengen mellom dei tre tverrfaglege tema i skulen: Folkehelse & livsmestring, demokrati & medborkarskap og bærekraftig utvikling
- Kulturen si rolle i å påverka den enkelte si oppleving av meining, livsmot og livskvalitet
Aktuelle forskingsartiklar:
Samnøy, S., Thurston, M., & Tjomsland, H. E. (2024) Engagement in ‘Prevailing Societal Challenges’ as a Contribution to Wellbeing? An Analysis of Interdisciplinary Topics in the Norwegian Curriculum (LK20). The Journal of Curriculum Studies https://doi.org/10.1080/00220272.2024.2420361
Samnøy, S., Jenssen, E. S., Thurston, M., Wold, B., & Tjomsland, H. E. (2022). Enhancing Teachers’ Emotional Awareness Through Continuing Professional Development: Mission possible? Scandinavian Journal of Educational Research https://doi.org/10.1080/00313831.2022.2114539
Samnøy, S., Thurston, M., Wold, B., Jenssen, E. S., & Tjomsland, H. E. (2020). Schooling as a Contribution or Threat to Wellbeing? A Study of Norwegian Teachers’ Perceptions of Their Role in Fostering Student Wellbeing. Pastoral Care in Education. https://doi.org/10.1080/02643944.2020.1855673
- KVL852, Karriererettleiing og karrierelæring: teori og prinsipp, 25/26
- KVL853, Utvikling og koordinering i karriererettleiingstenester, 25/26
- MGUPE301, Pedagogikk og elevkunnskap, emne 3 - Den profesjonelle lærar, 25/26
- MGUSP550, Spesialpedagogikk 2, emne 2 - Masteroppgåve, 25/26
- MPUV502A, Spesialpedagogikk 2 - Psykososial utvikling og utfordringar, 25/26
- MPUV505, Utdanningsforsking i praksis, 25/26
- MPUV550C, Leiing - Masteroppgåve, 25/26
- MPUV560, Masteroppgåve, 25/26
- TPE803, Psykososiale vanskar, 25/26
- TPE804, Førebygging for eit inkluderande læringsmiljø, 25/26