Hopp til innhald

MPUV505 Utdanningsforsking i praksis

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er å gje avansert innsikt i sambandet mellom fagfellevurdert og praktisk kunnskap i yrkesutøving i skulen. Emnet skal vidare gi inngåande kunnskap om utdanningsforsking og akademiske arbeidsformer i møte med praksisutøving på ulike nivå i utdanningssystemet. Kunnskapsbasert handling vil vere eit gjennomgåande tema i emnet.

Emnet har tre innhaldsdeler:

Del 1: Utdanningsforsking som kunnskapsutvikling

Legg vekt på eksisterande forsking og kunnskapsfront med relevans for skule og utdanning. Gjennom introduksjon til aktuell forsking, perspektiv og tradisjonar skal studentane gjerast kjende med faglege diskursar innan skule- og utdanningsfeltet og pågåande forskingsverksemd på eigen institusjon. Gjennom arbeid med litteratursøk, litteraturreview og andre akademiske tekstar skal studentane knyte eige masterprosjekt til aktuelle faglege diskursar.

Stikkord for innhald:

  • Vitskapstoretiske diskursar innan utdanningsforsking
  • Aktuelle faglege diskursar for masterprosjekt
  • Litteratursøk og litteraturreview med relevans for eige masterprosjekt

Del 2: Eigen akademisk kunnskapsutvikling

Denne delen legg vekt på førebuing til masteroppgåveskriving som eige prosjekt. Forskingsprosessen involverer arbeidet med ei prosjektskisse der teoretiske perspektiv, datainnsamling, analyse og presentasjon står sentralt. Studentane skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter knytt til vitskapleg kunnskapsskaping som kollektive og individuelle prosessar. Inngåande kunnskapar om akademisk tekstarbeid er ein del av innhaldselementet.

Stikkord for innhald:

  • Utvikling av prosjektskisse og prosjektplanlegging av masterprosjekt
  • Akademisk tekstproduksjon

Del 3: Bruk av kunnskap i praktisk utdanningsverksemd

Legg vekt på den praktiske og konkrete bruken av ny, forskingsbasert kunnskap i møtet med etablert utdanningsverksemd. Emnet skal gi inngåande kjennskap til omgrep med relevans for individuell og organisatorisk læring i undervisningsinstitusjonar. Studentane skal kunne omforme eigen og andre sine abstrakte innsikter til konkret handling i ein yrkessituasjon.

Stikkord for innhald:

  • Relevante teoriar og diskursar om læring og utvikling i utdanningsfeltet
  • Forskingsetikk og profesjonsetikk
  • Forskingsbasert kunnskap i møte med erfaringsbasert kunnskap

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om sambandet mellom forskingsbasert kunnskap og praktisk kunnskap i møtet med yrkesutøving i utdanningsinstitusjonar
  • kjenner eksisterande forsking og kunnskapsfront innan det utdanningsvitskaplege eller pedagogiske feltet som er relevant for problemstillinga i masteroppgåva
  • har kunnskapar om oppbygging av eit forskingsprosjekt og den akademiske tekstproduksjonen som er innebygd i intersubjektiv kunnskapsproduksjon
  • har inngåande kjennskap til relevante teoriar og diskursar om læring og utvikling i skuleverket, og måtar forskingsbasert kunnskap kan knytast til erfaringsbasert kunnskap

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle problemstilling og forskingsspørsmål i lys av praktiske behov i skular og utdanningsinstitusjonar og knyte desse til eksisterande kunnskap
  • kan danne seg oversikt over og vurdere aktuell forsking på eit avgrensa forskingsfelt og gå gjennom kunnskapsstatus (eller liknande) og analysere relevansen av funn i forhold til ei vald problemstilling
  • kan bruke andre sine akademiske tekstar analytisk i eige forskingsarbeid
  • kan reflektere over forskingsfunn sin relevans for konkret utviklingsarbeid i utdanningsverksemder

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og utvikle eit forskingsprosjekt og kjenne til ulike deler av intersubjektive kunnskapsutviklingsprosessar
  • kan vurdere relevans, innhald og argumentasjon i akademiske tekster og knyte desse til eiga forsking
  • kan nytte eigne og andres undersøkingar i praktisk utviklingsarbeid i skular eller utdanningsinstitusjonar
  • kan kvalitetssikre forsking med utgangspunkt i lover, reglar og forskingsetikk i møte med praktisk arbeid i skular og utdanningsinstitusjonar

Krav til forkunnskapar

MPUV504 Vitenskapsteori og metode

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Utvikling av eige forskingsprosjekt i form av planlegging av masteroppgåva er ein gjennomgåande og sentral læringsaktivitet.

Innhaldet i arbeidskrava kan variere mellom studieretningane i masterprogrammet, og vere avhengig av dei ulike metodiske hovudgrepa i studentanes individuelle masteroppgåve.

Det er inntil to samlingar á 3 dagar i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Gjennomføre og presentere ein litteraturreview av eit utval fagfellevurderte artiklar med relevans for masteroppgåve. Munnleg presentasjon på samlingar
  • Levere utkast til prosjektskisse som inneheld oversyn over tema, problemstilling, forskingsspørsmål/hypotesar, metode for datainnsamling, analyseverktøy og tidsplan. Delta på tekstseminar med rettleiarar og medstudentar. Gi tilbakemelding i seminar på ein medstudent si skisse.
  • Lage ein poster og ein kort videopresentasjon av posteren.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Nærare retningslinjer for arbeidskravet blir gitt ved semesterstart.

Vurderingsform

Oppgåve. Innlevering av skriftleg prosjektskisse. Omfang: 4000 til 5000 ord. Forside, innholdsfortegnelse og litteraturliste kommer i tillegg.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel