Praktisk utdanningsvitskap
Master
Jobbar du som lærar, barnehagelærar eller i andre delar av utdanningssektoren? Auk kompetansen din med master i praktisk utdanningsvitskap. Neste oppstart er våren 2024.
Kvifor studere praktisk utdanningsvitskap
Studiet er relevant for alle i heile utdanningssektoren som ønskjer å auke sin kompetanse. Innhaldet er praksisnært og kvalifiserer til stillingar der utvikling av fagleg støtte og leiing av utdanning er sentralt.
Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men ein del av samlingane foregår også på Stord og i Sogndal.
Fordjupingar
Startar du våren 2024, kan du velje mellom følgjande fordjupingar:
- Leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren
- Spesialpedagogikk
- IKT i læring
Leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren
Jobbar du som leiar eller ønskjer å jobbe som leiar i skulen, barnehage og kommunar/fylkeskommunar, er dette eit spanande studium for deg.
Til forskjell frå rektorutdanning og styrarutdanning treng du ikkje å vere i leiarstilling i dag, for å komme inn på studiet. Du kan vere teamleiar, avdelingsleiar utan personalansvar, eller «berre» lærar eller barnhagelærar eller ha anna pedagogisk utdanning.
Kva lærer du?
- Leiing, leiarroller og sentrale prosessar i utdannings- og oppvekstssystemet
- Mandatet for leiarrollene i politikk-, lov- og planverk
- Profesjonsetikk og spenningar i utøving av leiing
- Digital kompetanse
Innpassing:
Denne studieretning opnar for å innpasse ei rekkje andre utdanningar. Du kan altså få godskrive tidlegare utdanningar, som rektorskule, styrarutdanning og andre skuleleiarutdanningar, rettleiingsstudier eller andre som handlar om profesjonsutvikling, fagutvikling eller leiing.
Studentar som har teke rektorutdanning og andre studier som byggjer på denne, kan få innpassa inntil 60 studiepoeng, og dermed gå rett på metode og masteroppgåve.
Innpassing og godskriving skjer etter individuell søknad. Ta kontakt for nærare informasjon.
Spesialpedagogikk
Emne 1
I dette emnet lærer du mellom anna om følgjande tema:
- Lese- og skrivevanskar
- Matematikkvanskar
- Generelle og spesifikke språkvanskar
- Bruk av læringsstøtte
- Forebyggande tiltak
I studiet vil du reflektere rundt tilrettelegging for god individuell og sosial utvikling, samt sette dette inn i eit folkehelse, livsmeistring og livsløpsperspektiv.
Emne 2
I dette emnet lærer du mellom anna om følgjande tema:
- Korleis kan ein gjennomføre og vurdere spesialpedagogisk utviklingsarbeid?
- Kva betydning har miljø og relasjonar for barn og unge si psykiske helse?
- Førebygging og utføring av pedagogikk og utviklingsstøtte
Fellesemne
I fellesemnet lærer du mellom anna om:
- Utvikling av kunnskap og ferdigheiter knytt til bruk av digitale verktøy spesielt retta mot spesialpedagogikk, og profesjonsfagleg digital kompetanse som hjelpemiddel i undervisning og læringsstøtte.
- Refleksjon rundt bruk av sosiale medium.
- Fellesemnet skal også gi studenten evne til å oppdatere seg, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eige masterprosjekt, noko som skal gi eit vitskapsteoretisk grunnlag for masteroppgåva.
IKT i læring
Emne 1
Dette emnet vil du mellom anna ta tak i følgjande spørsmål:
- Korleis utvikle og ta i bruk digital teknologi?
- Korleis vurdere og reflektere over pedagogisk bruk av IKT? (med utgangspunkt i relevante læringsteoriar og forskings- og teoriperspektiv)
Emne 2
I dette emnet vil du mellom anna lære om:
- Ulike typar digitale utviklingsverktøy for skapande arbeid i fag og tverrfaglege prosjekt (enkle språk og utviklingsverktøy, samt meir generelle og overordna prinsipp)
- Vurdering og refleksjon over bruk av IKT i skapande didaktisk arbeid
- Utviklingskompetanse, koding og algoritmisk tankegang som pedagogisk reiskap og metode
Fellesemne
I dette emnet vil vi mellom anna ta for oss:
- Utvikling av kunnskap og ferdigheiter knytt til bruk av digitale verktøy spesielt retta mot profesjonsfagleg digital kompetanse som hjelpemiddel i undervisning og læringsstøtte
- Refleksjon rundt bruk av sosiale medium.
Fellesemnet skal også gi studenten evne til å oppdatere seg, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eige masterprosjekt, noko som skal gi eit vitskapsteoretisk grunnlag for masteroppgåva.
Kva kan du jobbe med?
Masterutdanninga er for lærarar på alle nivå som underviser. Det gir ei verdifull kompetanseheving for deg som jobbar i grunnskule eller barnehage, men også for deg som er leiar i skulen eller ved andre pedagogiske institusjonar.
Dersom du vel spesialpedagogikk som fordjuping, kan du arbeide med barn som treng ekstra støtte i fagleg og sosial læring i barnehage og skule.
Dersom du vel IKT i læring kan du arbeide vidare i ulike delar av utdanningssystemet der pedagogisk utviklingsarbeid knytt til digital teknologi er sentralt.
Kva lærer du?
I denne nyoppretta masterutdanninga lærer du mellom anna om bruk av digitale verktøy i undervisning og læring, vitskapsteoretiske og metodiske tradisjonar knytt til forsking om skule og utdanning, samt om utdanningsforsking i praksis. Dette skal danne grunnlaget for arbeidet med di eiga masteroppgåve.
Fysiske samlingar og nettmøte
Studiet vil bli lagt opp med fysiske samlingar. I tillegg vert det nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert lagt stor vekt på studentaktive læringsformer i studiet.
Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men ein del av samlingane foregår også på Stord og i Sogndal.
Samlingsdatoar våren 2024
Meir informasjon kjem.
Det er mogleg å søkje støtte frå UDIR
Vil du studere meir?
Master i praktisk utdanningsvitskap kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
Utveksling
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | University of the Sunshine Coast (USC)
Australia | James Cook University
Australia | Griffith University
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT)