Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag

Instituttet har ca 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord som underviser på alle nivå ved lærarutdanningane og andre utdanninger ved FLKI.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i  samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, didaktiske praksisar, praktisk utdaningsvitskap, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt ph.d.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes etter- og vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Leiinga i instituttet

bilde av Jan Helge Kallestad

Jan Helge Kallestad

Instituttleiar ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag

bilde av Torunn Herfindal

Torunn Herfindal

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for barnehagelærarutdanninga

bilde av Erik Bulie

Erik Bulie

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for vidareutdanningar og regional kompetanseutvikling

bilde av Janne Halvorsen Kleppe

Janne Halvorsen Kleppe

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for PPU

bilde av Bente Opheim

Bente Opheim

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for bachelor- og masterutdanningar

  • Line Alice Ytrehus startar i stillinga som assisterande intituttleiar med funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanninga 5-10 14. februar 2022.
  • Merete Aronsen startar i stillinga som assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanninga 1-7 21. februar 2022.

Campusutvikling

Følgjande leiarar skal ha særleg fokus på campusutvikling på den enkelte campus og samhandling mellom institutta og andre einingar på campus:

  • Sogndal: Torunn Herfindal
  • Bergen: Bente Opheim
  • Stord: Janne Halvorsen Kleppe