Nasjonalt nettverk for kompetanseutvikling i barnehagen

Her finn du informasjon, ressursar og arrangement som gjeld det nasjonale nettverket for kompetanseutvikling i barnehagen - ReKomp.

Høgskulen på Vestlandet har fått i oppdrag frå utdanningsdirektoratet å vere nasjonal koordinator for universitet og høgskular i regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagar (ReKomp).

HVL er også nasjonal koordinator for arbeidet med den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling i grunnskulen (DeKomp). Informasjon frå DeKomp-nettverket finn du her.

NB: Høgskulen på Vestlandet har teke ei beslutning om å avlyse den nasjonale nettverkssamlinga for Rekomp og Dekomp på Lillestrøm 16. og 17. mars. Dette ut frå ei samla vurdering av situasjonen med koronaviruset, og i tråd med anbefalingar frå Folkehelseinstituttet.