Forskingsprogramleiar

Hege Fimreite

Arbeids- og kompetanseområde

Frå 01.04.2026 er eg leiar av forskingsprogram 2 ved FLKI, som rettar seg mot fagdidaktisk og fagrelatert forsking for barnehage, skule, høgre utdanning og uformelle utdanningsarenaer. Programmet rommar forsking som undersøker korleis barn, unge og vaksne møter, tolkar og utviklar fagkunnskap, og korleis profesjonsutøvarar kan støtte læring, danning og livstolking i eit samfunn prega av kulturelt, språkleg og sosialt mangfald. Programmet adresserer korleis barnehage og skule kan vere berekraftige, demokratiske og inkluderande i ei verd prega av klimakrise, aukande sosial og økonomisk ulikskap, polarisering og polykriser. Forsking på korleis pedagogiske praksisar kan fremje håp, kritisk refleksjon, etisk og eksistensiell samtale, handlekraft og motstandskraft hjå barn og unge, blir særskilt viktig.

Mine forskingsområde er innanfor rettleiing og kollektiv læring, leiing og profesjonsutvikling og utdanningskvalitet. Doktorgradsavhandlinga frå 2022 utforska kollegarettleiing i gruppe og endring av kollektiv kunnskap i barnehagen. Postdoktorprosjektet frå 2023-2025 retta seg mot utprøving av utdanningsverkstader som undervisningsform i barnehagelærarutdanninga, mellom anna endring av fagærarrolla og måten vi underviser på. Utdanningar må endrast og tilpassast i takt med studentgruppa og endringar i samfunnet.

Eg er forskar ved BARNkunne, senter for barnehageforsking, og er medlem av forskargruppene «Leiing i og av utdanningssystem» og "Kvardagsliv i barnehagen". 

Saman med kollegaer og medrektørar, Lillian Pedersen og Anne Grethe Sønsthagen, publiserte eg i juli 2026 læreboka: "Å vere ein modig maur - utforsking, leik og samskaping". Boka rettar merksemda mot korleis utforsking, leik og samskaping kan gje barnehagelærarar og studentar kunnskap og verktøy til å møte ein kompleks barnehagekvardag. I boka er det 10 bidrag frå 11 ulike forfattarar, og boka er utgitt av Fagbokforlaget.

I januar 2024 publiserte eg læreboka: "Rettleiing i barnehagen - tilpassing eller danning" som handlar om korleis rettleiing kan bidra til å utvikle barnehagen i lys av eit danningsperspektiv med merksemd retta mot prosessar med mål om å lære, utvikle og endre praksis. Boka er utgitt av Cappelen Damm Akademisk. I juni 2025 publiserte eg eit temahefte på same tematikk, for alle tilsette i barnehagen. Dette heftet vart utgitt av Fagbokforlaget.

Saman med kollegaene Johanna Birkeland og Anne Grethe Sønsthagen publiserte eg i juni 2022 læreboka"Den kompetente barnehagen, tre tilnærmingar til leiing og kunnskapsutvikling". Boka tek utgangspunkt i våre tre doktorgradsavhandlingar, og vart utgitt av Cappelen Damm Akademisk

 

Underviser i
  • LSU301, Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, 26/27
  • MPUV505, Utdanningsforsking i praksis, 26/27
  • MPUV550C, Leiing - Masteroppgåve, 26/27
  • VEI802, Profesjonskvalifisering: rettleiing av studentar og nyutdanna lærarar i barnehage og skule, 26/27
  • VEI803, Profesjonsrettleiing: prosessrettleiing for kvalitetsutvikling i barnehage og skule, 26/27

Publikasjonar