Førsteamanuensis

Anne Grethe Sønsthagen

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er førsteamanuensis i pedagogikk ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. 

Forsking

Doktorgradsstudie

02.11.2021 disputerte eg med doktorgradsstudie som har tittelen: Leadership and responsibility: A study of early childcare institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds.

I studien såg eg på inkludering av foreldre med flyktningbakgrunn, der relasjonen og interaksjonen med personalet stod sentralt. Eg undersøkte personalet sin fleirkulturelle kompetanse og behov for kompetanseheving og leiinga sitt ansvar for dette. I studien har eg følgt to barnehagar som deltok i den nasjonale satsinga Kompetanse for Mangfald.

Dei fire artiklane er publisert (lenka til under utvalde publikasjonar): 
Artikkel I - "Jeg savner barnet mitt". Møter mellom somaliske mødre og barnehagen.
Artikkel II - Early childcare as arenas of inclusion: the contribution of staff to recognising parents with refugee backgrounds as significant stakeholders.
Artikkel III - 'Learning by talking?' - The role of local line leadership in organisational learning.
Artikkel IV - Interkulturell kompetanseutvikling - ein studie om leiing av barnehagepersonalet som lærer å lære om foreldresamarbeid 

Eg følgte doktorgradsprogrammet "Pedagogiske ressurser og læreprosesser" ved Universitetet i Sørøst-Norge. Heidi Biseth ved USN var min hovudrettleiar og Øyvind Glosvik ved HVL var medrettleiar.

 

Anna forsking

Våren 2020 starta eg og kollega Karin Street studien: "Samarbeid mellom barnehage og heim - før og under Corona-epidemien". Dette er ei kvantitativ studie, der formålet er å undersøke om foreldre og pedagogar opplever at samarbeidet mellom barnehage og heim har endra seg etter at barnehagane opna igjen etter stenging på grunn av Corona-utbrotet, 2020. Styrar/dagleg leiar i 630 barnehagar i Vestland fylke har fått forespurnad om å vidaresende nettbaserte spørreskjema til pedagogar og foreldre i sine barnehagar. I tillegg har styrar/dagleg leiar blitt spurt om å fylle ut kort bakgrunnsinformasjon om barnehagen. 

 

Tidlegare erfaring 

Frå januar 2015 til hausten 2016 arbeida eg som høgskulelektor på barnehagelærarutdanninga med hovudfokus på fleirkulturell pedagogikk og leiing i barnehagen. 
I 2016-2017 var eg koordinator for Kompetanse for mangfald i Sogn og Fjordane.

Eg har tidlegare arbeida som assistent, pedagogisk leiar og assisterande styrar i barnehage og programrådgjevar i flyktningtenesta.

Utdanning

Eg har bachelor i førskulelærar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, med fordjuping i Global knowledge (3 månadar praksisopphald i Zambia).
Master tok eg ved Høgskulen i Oslo og Akershus, i fleirkulturell og internasjonal utdanning, med 2 månadars feltarbeid i Sør-Afrika. Tittel på masteroppgåve: "Education in post-apartheid South Africa: A limited approach to social justice and redress".

 

 

Underviser i

  • Pedagogikk

Forskar på

  • Fleirkulturell pedagogikk
  • Leiing i barnehagen
  • Foreldresamarbeid
  • Inkludering
  • Kompetansehevingsarbeid
  • Lærande organisasjonar
  • Symbolsk makt

Forskargrupper

Utvalde publikasjonar