Språk, kommunikasjon og læring

Eit forskingsprogram ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL.

Programmet fremjar forsking om tilhøvet mellom språk, kommunikasjon, meining og læring. Forskinga i programmet vil svare på etterspurt kunnskap innan humaniora, pedagogikk, fagdidaktikk, digital kompetanse og kultur- og samfunnsvitskap. Auka forsking på desse felta er viktig med tanke på HVL si målsetting om å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet. 

Programmet vil gå på tvers av fag innan heile lærarutdanningsfeltet, også tolking. Gjennom språk og kommunikasjon tileignar me oss fag- og kulturkunnskap, og programmet sin overordna ide er å bidra til forsking på desse samanhengane. Faglege grunnlagsproblem, fag sin historiske og samfunnsmessige kontekst, samt problemstillingar om fagspesifikk læring knytt til barnehage og skule er sentrale i programmet, og forskinga i programmet vil bidra med relevant kunnskap for utdanningssektoren og samfunnet.

Programmet opnar for mange vitskapelege tilnærmingar og metodar, mellom anna tekstanalyse, empiriske studiar, fenomenologiske, narrative, diskursive og kritiske tilnærmingar.

Tematisk vil programmet ha følgjande fokusområde:

  • Språk og språklæring:
    Forsking på opplæring i og utvikling innanfor til dømes munnleg språk, skriving og lesing i alle fag, teiknspråk, språkutvikling og tolking i morsmål, andrespråk, framandspråk og non-verbalt språk i nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

  • Litteratur og kulturforsking:
    Forsking på fagtekstar, sakprosa og skjønnlitteratur, religion, norm- og verdisyn, kulturmøter og livstolking. Å undersøkje dialogiske perspektiv i møte mellom historiske kontekstar og samtida, står sentralt.

  • Kommunikasjon og læring:
    Forsking på å utvikle fagkunnskap gjennom til dømes læringssamtale, dialogar, læremiddel, bruk av tolk og gjennom digitale verktøy i barnehage, skule og innanfor høgare utdanning. Mellom 2018 og 2021 pågår prosjektet SciTalk, kor deltakerne vil designe metodologiske modellar for lærarutdanninga. Les meir om SciTalk her.