Discourses of Gender and Sexuality (DoGS)

DoGS er ei gruppe av internasjonale forskarar som sin forsking fokuserer på tema knytt til kjønn og seksualitet. Gruppa er tverrfagleg og open for forskarar frå ulike felt. Den huser for tida forskarar med spesialisering innan litteratur- og kulturstudier, lingvistikk, didaktikk, sosiologi, statsvitskap, sosialantropologi, musikkvitskap, sosialt arbeid og utviklingsstudier.

Meir utfyllande informasjon finn du på den engelske nettsida til DoGS (trykk øvst i høgre hjørne).

Samfunnsvitskapane og humaniora har løfta fram at kjønn og seksualitet er samanhengande, diskursivt produserte fenomen med vidtrekkande sosiale implikasjonar. Dei formar våre samtidssamfunn og er difor framleis viktige forskingsområde, ikkje minst sett frå perspektivet til likestilling, diskriminering, representasjon, identitetskonstruksjon, inkludering og ekskludering.

Eit sentralt mål for forskingsgruppa er å fange kjønn og seksualitet som fenomen som kan bli studert frå ulike perspektiv, og som nyttar seg av ulike teoretiske og metodologiske tilnærmingsmåtar som gjensidig utfyller kvarandre.

Forskargruppeleiar

bilde av Sarah Hoem Iversen

Sarah Hoem Iversen

Førsteamanuensis

Forskargruppemedlemmer

DoGS er del av forskarprogrammet Språk, kommunikasjon og læring (SKOL).

                       
Vi ønsker nye forskarguppemedlemmer velkommen, og vi ber om hjelp til å spre ordet! Ta kontakt for mer informasjon:heim@hvl.no