Arbeids- og kompetanseområde
Eg er sosialantropolog med PhD fra UiB i 2009, og tilsett som professor i samfunnsvitskap ved Senter for omsorgsforsking vest og Institutt for velferd og deltaking, FHS, HVL. Eg jobbar hovudsakleg med problematikkar knytt til den etnografiske regionen Europa, og Noreg spesielt, men har også omfattande forskingserfaring frå Sør-aust Asia, Indonesia.
Forskingsinteressene mine er breie og omfattar arbeid, kjønn og klasse; nyliberalisme og kapitalisme; rettferd og sosial ulikskap; migrasjon og mangfald; velferdsstat og velferdspolitikk; kommunale helse og omsorgstenestar; omsorgskrisa; og kvinnehelse.
Frå 2019 til 2027 leiar eg eit stort institusjons strategisk forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR), «The politics of a changing institutional ecology: coordinating and prioritizing healthcare and welfare services in the municipal landscape», (ISP prosjektet). I prosjektet utforskar me komparativt kva faktorar som formar og fremjer tenestesamarbeid i dei kommunale helse-og omsorgstenestane og mellom desse og andre offentlege velferdstenestar. Frå 2024 til 2027 er eg arbeidspakkeleiar i KLAR prosjektet - Kvinnehelse, overgangsalder og arbeidsliv - kor me gjennom intervju med kvinner og helsepersonell og ved policy analyse utforskar samanhengar mellom overgangsalder og arbeidsliv.
Underviser i
- Vitenskapsteori og metode
- Samfunnsvitskapleg teori
- Veiledning alle nivå
Forskar på
- Europa, Norge og Indonesia
- Arbeid, kjønn og velferdsstat
- Velferdsregimer og kommunale helse og omsorgstenester
- Velferdspolitikk
- Klasse, sosial ulikhet og nyliberal kapitalisme
Forskargrupper
- Tjenesteforsk - Sammenlignende Tjenesteforskning
- Omsorgens grunnlag, fenomener og vilkår - forskernettverk
- Arbeid, Helse og Kjønn, Inst for global helse og samfunnsmedisin, UiB
Publikasjonar
-
Menopause: A Zone of Vulnerability in Norwegian Working Life
-
Nøysomhet på «riktig nivå»? Det kvinnelige grasrotbyråkratiets arbeid med realisering av velferdsstatens idealer
-
8. Epilog
-
1. Introduksjon: Sammenhenger i kommunalt omsorgslandskap
-
2. Oppkomst og omriss av eit forskingsområde: kommunale helse- og omsorgstenesters institusjonelle økologi