Lesing, skriving og språkutvikling
Gruppa utforskar ulike sider ved skriftspråkslæring og skriftspråkpraksisar med vekt på spørsmål som er særleg aktuelle for det mindre brukte av dei to norske språka.
Innfallsvinklane spenner frå førebuande skriftspråkslæring i førskulealder til språkskifte i ungdomstida, og frå didaktiske problemstillingar til overordna perspektiv på læring, kulturforståing og kognitiv utvikling.
Tildeling frå Forskingsrådet
I januar 2020 fekk forskingsprosjektet Multilectal Literacy in Education (MultiLit), forankra i forskingsgruppa, ei tildeling på 12 millionar frå Forskingsrådet. Prosjektet undersøker om og korleis det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidreg til læring, både språklæring og læring meir allment.
Prosjektet tek utgangspunkt i den norske språksituasjonen med mange elevar som utviklar høg kompetanse i båe norske skriftspråk og med mange som òg jamleg skriv dialektnært privat. Vidare har prosjektet eit samanliknande sideblikk til situasjonen for frisisk i Frisland i Nederland. Øystein Vangsnes er prosjektleiar.
To antologiar
Forskingsgruppa har vore tungt inne både på redaktør- og forfattarsida i to antologiar utgjevne dei siste åra: Nynorsk med dei minste (2017) (Bjørhusdal, E. og Budal, I. B., red.) og Å skrive nynorsk og bokmål: Nye tverrfaglege perspektiv (2018) (Bjørhusdal, E., Bugge, E., Fretland, J. O. og Gujord, A. K. H., red.).
Gruppa vidarefører òg dei språkrelaterte problemstillingane i PRAKUT-prosjektet Lærande regionar (2012-2015)
Prosjekter
Etablering og forhandling av skriftnormer i unges skrivepraksisar
Det språklege vegvalet - ei gransking av språkskiftesituasjonen i norsk skule
Multilektal kompetanse hos førskuleborn i nynorskområde
Multilectal Literacy in Education
Å skrive nynorsk og bokmål: Nye tverrfaglege perspektiv
Fremhevede publikasjoner
Publikasjoner
Bjørhusdal, Eli, Gudrun Klæve Juuhl & Jorunn Simonsen Thingnes (2023). An ethnographic study on Nynorsk in Norwegian kindergartens: Findings and challenges. Linguistics and Education Volume 81 , June 2024, 101294
Blogg
Forskargruppeleiar
Medlemmer