Arbeids- og kompetanseområde

Eg er stipendiat i norsk og forskar på språkhistorie med eit særskilt fokus på stadnamn. Ph.d.-prosjektet mitt vil undersøkja samspelet mellom språk og miljø som kjem til uttrykk i namngjeving av landskapet til ulike tider. Omgrepet språkleg økologi ligg til grunn for tilnærminga i arbeidet, det vil seia eit heilskapleg syn på språklege fenomen som tek høgd for både språkinterne strukturar og språkeksterne tilhøve kring språkbruk i samfunnet.

Underviser i
  • Språkhistorie og dialektologi
  • Språkdidaktikk
Forskar på
  • Språkhistorie og dialektologi
  • Stadnamn
Forskargrupper

Utvalde publikasjonar

  • Kvigno. Eit busetnadsnamn frå Lærdal i Indre Sogn

    (2024)
  • Språkspor - Språk, stad og didaktikk

    Bukve, Trude, Budal, Ingvil Brugger, Mascetti, Samuele (2023)
  • Språkspor i byen. Formidling av språk og stad som immateriell kulturarv

    Bukve, Trude, Budal, Ingvil Brugger, Mascetti, Samuele (2022)
  • Namn på -sete i Indre Sogn. Nokre morfologiske og semantiske vurderingar

    (2022)
  • Etternamnsbruk i Luster kommune i to hundre år

    (2020)