Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har tilsette og studentar i Bergen, Sogndal og på Stord. Av dei om lag 160 tilsette, er i underkant av sju prosent professorar og 69 prosent førsteamanuensar eller førstelektorar.

Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur.

Instituttet er en stor bidragsytar inn i ulike etter- og vidareutdanning, blant annet Regional- og Desentralisert kompetanseheving (ReKomp og DeKomp), tolking i offentleg sektor og kvalitet for kompetanse. Instituttet bidreg òg i doktorgradsprogrammet Danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har mange forskingsgrupper og er involvert i fleire av dei strategiske forkingsprogramma ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Forskingsmiljøa våre er kjent nasjonalt og internasjonalt.

Dei tilsette på instituttet publiserer forsking som er relevant for våre utdanningar og tek del i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og barnehagebasert kunnskapsutvikling

Vi held til i BergenSogndal og på Stord og har om lag 160 tilsette.

Leiinga i instituttet

bilde av Kristin Ran Choi Hinna

Kristin Ran Choi Hinna

Instituttleiar ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

bilde av Dagmar Andrea Cejka

Dagmar Andrea Cejka

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for barnehagelærarutdanninga

bilde av Morten Rønning

Morten Rønning

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanning 1-7

bilde av Tom Rune Kongelf

Tom Rune Kongelf

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanning 5-10

bilde av Andrea Synnøve Søndergaard Eikset

Andrea Synnøve Søndergaard Eikset

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for bachelor, master, vidareutdanningar og regional kompetanseutvikling

 

Utdanningar