Engelsk | årsstudium

Årsstudium

Med engelsk årsstudium får du gode engelskkunnskapar som er etterspurd i  arbeidslivet. I eit stadig meir internasjonalt samfunn vil årsstudium i engelsk vere nyttig i mange samanhengar og kan gi deg eit fortrinn på arbeidsmarknaden.

Kvifor ta engelsk årsstudium?

Gjennom studiet får du innsikt i språk, litteratur, historie og samfunnstilhøve i den engelsktalande verda, betrar dine eigne språkferdigheiter og tileignar deg god tekstkompetanse. Studiet gir kunnskap om litteratur og andre kulturuttrykk, historie og samfunnstilhøve og munnleg og skriftleg språkkunnskap. Ved vidare studium vil du vere godt rusta til å lese og skrive engelsk og til å ta eit studieopphald i utlandet.

Engelsk årsstudium dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk. 

Ein kan studere engelsk årsstudium ved campus Sogndal.

Korleis er undervisninga i engelsk årsstudium lagt opp?

Undervisnings- og læringsaktivitetar inkluderer førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid, digitalt og på campus. Alle modulane i studiet krev at du tek aktivt del i undervisinga. Engelsk er både målspråket og undervisingspråket i studiet, noko som gir mykje språkøving.

Studiet består av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. I haustsemesteret studerer du English linguistics 1 og English-speaking literature with history and culture 1, medan du studerer English linguistics 2 og English-speaking literature with history and culture 2 i vårsemesteret. Les meir om undervisingsmåtar, arbeidskrav og vurderingsformer i emneplanane.

Engelsk årstudium kan inngå som studiepoeng i ulike bachelorutdanningar, og dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk. 

 

Studentar på båltur i skogen med fjorden og Sogndal i bakgrunnen.

På campus Sogndal blir du del av eit aktivt og inkluderande studentmiljø. Du er tett på det meste, inkludert spektakulær natur. Les meir her.

 

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

 

Utveksling

I studiet får du moglegheit til å reise på ein studietur til Det norske studiesenteret i York (NSC), Storbritannia. Dette opphaldet varer i ei veke og er ikkje obligatorisk.

Studiet er ope for innreisande studentar, som tek 30 eller 60 studiepoeng ved HVL.

Kor kan du reise?