Hopp til innhald

Studieplan - Engelsk årsstudium

Hausten 2023

Studieprogrammet gir omfattande kunnskap om engelsk språk, litteratur og kultur frå Storbritannia, USA og andre engelsktalande land. Studiet gir innsikt i ulike litterære sjangrar i tillegg til andre kulturuttrykk, og fokuserer på relevante historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking. Videre inkluderer studiet emne i engelsk grammatikk, fonetikk, fonologi og historia til det engelske språket. Gjennom studiet får studentane praktisere munnlege og skriftlege ferdigheiter, inkludert akademisk skriving. 

Læringsutbytte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal studenten ha kunnskap om

  • engelskspråkleg litteratur og andre kulturutrykk frå ulike delar av verda, med historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking
  • litterære sjangrar og verkemiddel, i tillegg til visuelle og multimodale meiningsuttrykk
  • engelsk grammatikk og fonetikk
  • historia til det engelske språket og varietetar av engelsk

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten kunne

  • analysere litterære tekster og andre kulturutrykk ved å bruke kunnskap om sjangrar, litterære verkemiddel og andre meiningsuttrykk, og plassere og diskutere historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking
  • analysere engelsk språkbruk og bruke grammatisk og fonetisk terminologi
  • nytte engelsk munnleg og skriftleg tilpassa tema, kontekst og mottakar, inkludert akademiske tekstar

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne

  • kommunisere munnleg og skriftleg på engelsk med omsyn til tema, kontekst og mottakar, inkludert akademiske tekstar
  • planlegge og utføre individuelle oppgåver i tråd med akademiske krav og prinsipp

Innhald

Studieprogrammet består av fire emne, kvart på 15 studiepoeng.

I haustsemesteret (august – desember)

  • Engelsk lingvistikk 1
  • Engelskspråkleg  litteratur med historie og kultur 1

I vårsemesteret (januar – juni)

  • Engelsk lingvistikk 2
  • Engelskspråkleg litteratur med historie og kultur 2

Arbeidsformer

Undervisinga består av førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Emnet krev at studenten arbeider systematisk med lesing og oppgåver, og deltek aktivt i undervisinga. Engelsk er både målspråket og læringsspråket, og alle læringsaktivitetar er på engelsk. Dette gir verdifull språkøving, og gjennom aktiv involvering i læringsaktivitetar vil studentane få brukt både språkkunnskapar og kunnskap om emneinnhaldet. Læringsplattforma Canvas blir nytta til informasjon, kommunikasjon med studentar og tilbakemelding på studentarbeid.

Vurderingsformer

Kvart emne i studiet inneheld ulike obligatoriske læringsaktiviteter som må godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen. Nærare informasjon om desse finn ein i emneplanen for kvart emne.

Sluttvurderinga i kvart emne er som følgjer:

  • Engelsk lingvistikk 1: Skriftleg skuleeksamen, 6 timar
  • Engelskspråkleg litteratur med historie og kultur 1: Munnleg eksamen
  • Engelsk lingvistikk 2: Semesteroppgåve
  • Engelskspråkleg litteratur med historie og kultur 2: Skriftleg skuleeksamen, 6 timar

Internasjonalisering

I haustsemesteret inngår ei vekes opphald til Det Norske Studiesenteret ved Universitetet i York. Opphaldet er ikkje obligatorisk, og det blir tilbode eit alternativt undervisingsopplegg for dei som ikkje reiser til York. Reiseutgifter, overnatting og kursavgift blir betalt av den enkelte student. Les meir her: https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/.

Studiet er ope for innreisande utvekslingsstudentar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Organisering

Campus Sogndal fulltid