Grunnskulelærarutdanning 1-7

Som lærar for 1.–7. trinn opnar du dører inn til ei ny verd med læring for unge, nysgjerrige elevar. I tillegg til å vere kunnskapsrik, skal du også vere ein god rollemodell, konfliktløysar og motivator. Som grunnskulelærar får du eit variert, meiningsfullt og spennande yrke!

I 1–7-utdanninga blir du mellom anna spesialist i begynnaropplæring i lesing, skriving og rekning. Men i tillegg til undervisning i ulike skulefag, vil du også som lærar spele ei viktig rolle i elevane si sosialisering.

Du må ha evne til å sjå elevane som ei gruppe som skal fungere godt saman. Samtidig skal du sjå den enkelte eleven sine evner, interesser og behov, og følgje med på den personlege utviklinga til kvar elev – både fagleg og sosialt. Du må like å jobbe med menneske, og takle ein hektisk arbeidskvardag.

Vi tilbyr utdanninga både på Stord, i Bergen og i Sogndal. I Bergen søker du deg inn på eit bestemt fag, i Sogndal og på Stord vel du fag etter at du har begynt.

Kor får du jobb?

  • Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid med barn og unge på 1. - 7. trinn.
  • Du finn også lærarar i mange andre yrke, som vaksenopplæring, skuleadministrasjon, frivillige organisasjonar, informasjonsarbeid eller fagpolitisk arbeid.

Les meir om læraryrket på utdanning.no

Erlend skal bli lærar

I ung alder begynte Erlend å tenkje på korleis han kunne bli ein god og rettferdig lærar.

Inspirer nysgjerrige barn - bli lærar!