
Didaktiske praksisar
Master
Er du lærar eller jobbar med fag- eller yrkesopplæring og ønskjer å styrke fagkompetansen din med ein master? Som lærar har du eit av dei viktigaste kunnskapsyrka i samfunnet. Det er ein krevande og givande jobb med mange komplekse utfordringar. Neste oppstart er våren 2024.
Kvifor velje master i didaktiske praksisar?
Med master i didaktiske praksisar kan du som lærar styrke din faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleik i møte med framtidas skule.
Studiet er tilrettelagt for lærarar og andre som jobbar med fag- eller yrkesopplæring, og som vil studere på deltid. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane ved Høgskulen på Vestlandet i løpet av studieprogrammet.
Utdanninga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i arbeidsfeltet ditt som lærar og dei gjeldande læreplanane for skulen. Startar du våren 2023, kan du velje spesialisering i eit av desse fagområda:
- Samfunnsfag og KRLE
- Kroppsøving, mat og helse
- Matematikk (avlyst 2023)
- Yrkesdidaktikk
- Andre- og framandspråksdidaktikk
Her blir praksiskunnskapar og -erfaringar knytt saman med teoretisk kunnskap, noko som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.
Kva kan du jobbe med?
Med ein master i didaktiske praksisar kan du kome tilbake til jobben din med auka fagleg kompetanse. Masterstudiet kvalifiserer også til ein forskande praksis og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen eller på arbeidsplassen.
Samlingsbasert og nettbasert
Masterstudiet har både samlingsbasert og nettbasert undervisning. Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving.

Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar. Arbeidskrav varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.
Samlingsdatoar våren 2023
Kroppsøving, mat og helse
MDIP501A Didaktiske praksisar retta mot undervisning i kroppsøving og mat og helse
Samlingar i Bergen
26.-27. januar
23.-24. mars
20.-21. april
Matematikk
Har ikkje oppstart våren 2023.
Samfunnsfag og religion
MDIP501C Globalisering og utdanning
Samling i Bergen
9.-10. februar
10. mars (digital samling)
21.-22. april
Andre- og framandspråk
MDIP501D Andre- og framandspråkslæring i norsk skule og opplæring
Samlinger:
11.-13. januar i Bergen
09.-10. mars på Stord
13.-14. april i Sogndal
Nettmøter:
14. februar
28. mars
25. april
Yrkesdidaktikk
MDIP501F Ledelse av yrkesdidaktiske arbeid i praksis
18.-19. januar i Bergen
22.-23. mars i Bergen
26.-27. april i Sogndal
(Heiltid) MDIP503 Didaktiske praksisar
MDIP503 Didaktiske praksisar:
Uke 3: 16.-18. januar
Uke 7: 13.-15. februar
Uke 13: 27.-29. mars
Det er mogleg å søkje støtte frå UDIR
Vil du studere meir?
Studiet kvalifiserer til opptak til doktorgradsutdanningar.