Arbeids- og kompetanseområde
Eg er geograf og er veldig opptatt av korleis vi brukar og bestemmer over områda rundt oss.
Undervisninga mi føregår på masterprogrammet Climate change management og på bachelorprogramma Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, Fornybar energi og Geologi og geofare. Eg er også studieprogramansvarleg for masterprogrammet i Climate change management.
Eg vil gjerne inspirere studentar og andre til å interessere seg for kva som skjer på dei stadene vi bur og brukar, og at vi alle er med på å forme omverda vår på ulike måtar. Stader oppstår i samspel mellom omgjevnader og menneske; landskapet påverkar menneska og menneske påverkar landskapet. Eg håpar at studentane hos oss får lyst til å prøve å finne gode løysingar både for lokalsamfunn og med tanke på globale utfordringar.
Nokre av mine forskingstema:
- Berekraftig tettstadutvikling: Korleis tettstader og småbyar utviklar seg, og kva effektar dette har for miljø og menneske.
- Medverking, deltaking og demokrati: Korleis lokale stemmer kjem til uttrykk og blir brukt i planlegging og forvalting av areal og natur.
- Planlegging for berekraft: Utvikling av metodar for integrering av FN sine berekraftmål i kommunal og fylkeskommunal planlegging.
- Arealplanlegging: Vekting mellom landskapsomsyn (kva vi planlegger) og prosess (korleis vi planlegger).
Sjå også forskarprofilen min på Cristin, ved å følge lenke i margen til høgre
- PL4-304 Climate adaptation in spatial planning (emneansvarleg, M.Sc)
- PL413 Miljø- og forvaltningsrett (B.Sc)
- PL416 Landskapsanalyse (B.Sc)
- PL417 Arealplanlegging (B.Sc)
- PL418 Reguleringsplanlegging (B.Sc)
- PL433 Innføring i arealplanlegging (B.Sc)
- Berekraftig tettstadsutvikling
- Medverking, deltaking og demokrati
- Planlegging for berekraft
- Arealplanlegging