Høgskulelektor

Merete Nornes-Nymark

Merete Nornes-Nymark
Epost: Send epost
Sogndal
BRAGE, B-1024

Arbeids- og kompetanseområde

Grunnutdanninga mi er førskulelærar, frå 1991. Sidan har eg arbeidd som pedagog, avdelingsleiar/pedagogisk leiar, styrar og fagleg ansvarleg, ca 18 år. I dei yrkesaktive åra i barnehage, har eg lang erfaring med spesialpedagogisk ansvar og oppfølging, både barn, foreldre og tilsette, også tverrfagleg- og tverretatleg samarbeid. Fullførte master i psykososiale vanskar, hausten 2009, med masteroppgåva: Ungdom og psykisk helse - meistring og mulegheiter i skulen (UiO). Faginteresse særleg knytt til psykisk helse, atferd generelt, atferdsvanskar, migrasjonsrelaterte vanskar og diagnostisering av barn. Dette er eit fokus og ei interesse som også er sentral i mine forskingsarbeid og forskingsfokus, då eg har eit særleg blikk på å forstå atferd i kontekst, både i høve læringsmiljøet i barnehagar, tilrettelegging i barnehagekvardagen også barn og familiar sin habitus som forståingsramme. Relasjonskompetanse og relasjonens betydning er også eit sentralt fokus i tilknytning til atferd og læringsmiljøet i barnehagen. Eit anna fagfokus er yrkesetikk - i tilknytning til arbeid med barn, men også særleg i høve foreldresamarbeid og personalsamarbeid.
Underviser i
  • Pedagogikk og spesialpedagogikk. Hovudsakleg på BLU - grunnutdanninga, både heiltid og deltid; i emna SRLE (Samfunn, religion, livssyn og etikk), LSU (leiing, samarbeid og utviklingsarbeid). Er emneansvarleg for fordjupinga Pedagogisk leiing og kulturelt mangfald (BLU3-1010).
  • Profesjonsrettleiar i 2. klasse BLU
Forskar på
  • Læringsmiljøet i Barnehagar. Tilknytta Prespas prosjekt og GOban prosjekt, der verktøyet ECERS-R er sentralt
  • Fagleg leiing og tverkulturell kompetanse i barnehagar i Sogn og Fjordnae
  • Fleirkulturalitet i barnehagar i Sogn og Fjordane
Forskargrupper